midtsiden

Slik blir Irish Cat

Slepper catten ut av sekken: Bygginga av den nye uteplassen startar i august. Her kan du sjå teikningane.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Opus-eigar Espen Risti og Bergen Servering skal med selskapet Irish Cat starta ein ny nattklubb i Os. I påsken i år teikna dei leigekontrakt med Anders Fagerthun og planen var då å opna den nye uteplassen i midten av juli i år.

- Opningsdatoen er utsett. Vi har rydda ut av lokalet, startar bygginga tidleg i august og reknar med opningsfest i midten av september, seier Espen Risti.

Les òg:
Opnar ny nattklubb

Scene, sport og altan
Irish Cat etablerer bruker rundt to millionar kroner på å bygga ein moderne nattklubb i lokala som tidlegare husa kinarestaurant og restauranten Matstova.

- Vi lager ein stor, firkanta bar med servering både mot LIVE-avdelinga der kinarestauranten var og lokalet der Matstova heldt til. To barar utan vegg mellom.

I enden nærmast bygningen Kleiven held til i kjem biljardbord, dart, storskjermar og ståbord i ei eigen underhaldningsavdeling.

I LIVE-avdelinga skal det byggast sitjegrupper, dansegolv og scene. I den andre avdelinga kjem fleire sitjeplassar i båsar, ståbord og utgang til altan, om søknad om fasadeendring blir godkjent.

Kjører 20-årsgrense
Risti reknar med at Irish Cat får plass til rundt 250 gjestar, 350 om dei får altan på utsida av etasjen.

- Interiøret kjem til å bli strøkent. Saman med storleiken, LIVE-musikk, DJ-bås og underhaldningsavdelinga trur eg dette blir ein attraktiv plass, også dei meir vaksne osingane.

- Korleis blir opningstidene og aldersgrensa i dei ulike avdelingane?

- Opningstidene er litt tidleg å seia noko om. Det er mogleg å skilja dei tre avdlingane, men alle kjem til å vera opne fredagar og laurdagar. Vi diskuterte ei stund å ha ulik aldersgrense på avdelingane, men har bestemt oss for å ha 20-årsgrense på alle tre.

- Kva inntrykk har du av osingane etter fire år som sjappe-eigar på Osøyro?

- Eg har opplevd Os som ein god stad i driva nattklubb, på Opus har vi hatt eit stort og godt publikum som oppfører seg fint, seier Espen Risti.

Fleire saker