Lokal | 24. nov. 2015

Slik blir torget og Osøyro

Sjå dei oppdaterte planane for torget, bydraget og elveplassen. – Anbodet på det nye bygolvet går ut i disse dagar, fortel Terje Søviknes.

Slik blir torget og Osøyro
Slik ser prosjektgruppa for Liv på Øyro for seg det nye torgbygget (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Andris Hamretirsdag 24. nov. 2015 12:04

Bildeserie:

Granitt blir det nye dekket i bydraget (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Granitt blir det nye dekket i bydraget (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Ein ser for seg både mørk og lys granitt (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Ein ser for seg både mørk og lys granitt (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Skisse på korleis torget blir (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Skisse på korleis torget blir (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
perspektiv på torgbygget (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
perspektiv på torgbygget (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Planteikning for torgbygget (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Planteikning for torgbygget (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Torgbygget med moglegheit til å gå på taket (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Torgbygget med moglegheit til å gå på taket (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Utanfor torgbygget ser ein for seg vatnleik (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Utanfor torgbygget ser ein for seg vatnleik (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Slik som dette kan vatnleiken sjå ut (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Slik som dette kan vatnleiken sjå ut (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Benkar på torget med värmekablar (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Benkar på torget med värmekablar (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Slik ser ein for seg baldakinane framfor butikkane (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Slik ser ein for seg baldakinane framfor butikkane (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Elveplassen ned mot Oselvo (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
Elveplassen ned mot Oselvo (ill: Os kommune/Smedsvik landskapsarkitekter/3RW arkitekter)
1 av 11

Det har lenge vore stille frå prosjekt «Liv på Øyro», men på bakrommet har det vore jobba aktivt.

– Vi hadde mellomanna eit møte i prosjektgruppa i går, kor vi gjekk gjennom dei oppdaterte skissene. I høve framdrifta så sender vi ut anbodspapira på det nye bygolvet i desse dagar, fortel ordførar Terje Søviknes (Frp).

Bygolvet skal strekke seg gjennom det som i moglegheitsstudien for Liv på Øyro blei kalla bydraget, frå den gamle brannstasjonen over torget til den nye og oppgraderte elveplassen mot Oselvo.

– Det vi no ber om pris på er eit dekke av granitt, kor det blir lagt i ulik storleik og mønstre. Nærast bygningane ser vi for oss store lyse prikkhuggede fliser, medan det blir mørkare grå brostein på vegbanen og i dei delte områda (shared spaces), forklarar Søviknes.

– Men, granitt. De er ikkje redde for at det skal bli glatt?

– Nei, det er forskjellige strukturar i granitten som gjer at det den er ru. Det skal gjera at det ikkje blir glatt ved normal nedbør. Sjølvsagt kan ein oppleva det, om ein får underkjølt regn, akkurat som på vanleg asfalt, men under normale tilhøve skal ikkje det bli eit problem.

Om alt går som planlagt reknar ordføraren med at arbeidet kan ta til rundt påsketider.

– Vi vil gjera som vi no har gjort med arbeidet under bakken i sentrum, ta det stykkevis og delt slik at dei næringsdrivande i sentrum blir minst mogleg berørt.

Baldakinar og torgbygg

Ikkje langt bak i løypa står baldakinane som skal skjerma gåande mot vêr og vind og eit heilt nytt torgbygg.

– Vi håpar å vera klare med papira på baldakinane og torgbygget i løpet av desember. Om det blir 100% likt skissene i denne saka er nok ikkje sikkert, men det blir ikkje så ulikt.

Frå skissene ser ein at ein tenkjer seg baldakinar produsert i stål med innfelte trestolpar og gjennomsiktig lexan som takplater. Baldakinane forankrast stadvis i bygningskroppane.

– Torgbygget blir eit glassbygg tilrettelagt for servering i 1. etasjen. Det vil bli moglegheiten til å gå opp på taket som ei uteservering eller for å sjå på utsikten.

– På utsida av bygget vil det òg bli ei overbygging som kan brukast til torghandel, uteservering eller liknande aktiviteter.

Planane legg òg opp til benkar i rustfritt stål med varmekablar, slik at dei òg kan nyttast om vinteren.

Vatnleik på torget

Nedfelt i bygolvet på torget ser kommunen for seg å legga til rette for vatnleik.

– Vi ser for oss nokre seksjonar med små brostein kor vi har felt ned dyser kor vatn vil spruta opp i frå. I tillegg vil det belysast, noko som vil gje ei spennande verknad på kvelden.

– Kva med leikeapparater?

– Vi ser ikkje for oss tradisjonelle leikeapparater på torget, men at vi flyttar nokre av dei skulpturane vi kjøpte tidlegare i sommar til torget. Desse meiner vi vil vera egna for leik og utforsking.

– Så får vi sjå på meir tradisjonelle leikeområder på kyrkjeflaten og etterkvart i parken framfor rådhuset. Det heng saman med bustadbygging i sentrum. Midtpunkt treng uteleikeområde på Kyrkjeflaten for å oppfylla sine krav. Det same vil Kvartalet trenga om det blir realisert med bustadbygging, forklarar ordføraren.

I møte med grunneigarane

Finansieringa av oppgraderinga er delvis på plass med dei 30 millionane kommunen har løyvd til Liv på Øyro-prosjektet.

– I tillegg skal vi møte med grunneigarane i sentrum i neste veke for å sjå på modellen for spleiselaget. Målet er å komma opp i dei 60 millionane vi opprinneleg estimerte med, avsluttar Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.