Lokal | 01. des. 2017

Slik kan Bjørnegården bli

Ber om å få bygga utvendige balkongar.

Slik kan Bjørnegården bli
Slik illustrerar Boligbygg Os as den oppdaterte planen for Bjørnegården sett frå nordvest og sørvest (ill: Tysseland Arkitektur AS)
Andris Hamrefredag 01. des. 2017 11:16

I februar 2015 godkjente plan- og bygningsutvalet (PBU) at Handle- og Bjørnegården kunne byggast ut med fem etasjar. I reguleringsføresegnene blei det lagt inn krav om inntrekte balkongar. Dette søkjer no tiltakshavar, Boligbygg Os as om dispensasjon frå.

Administrasjonen er i si tilråding til PBU positivt til å gje dispensasjon og å auka utnyttingsgraden frå 255% til 257,9%.

I framlegget til vedtak kjem administrasjonen med nokre presiseringar og vilkår mellom anna til arkitektur.

– Bygg og uterom skal ha ei god utforming med høg arkitektonisk kvalitet og god materialbruk, som speglar dagens bygningsteknologi og arkitektur, skriv administrasjonen.

Utvendige balkongar ein fordel

Bakgrunnen for at ein i reguleringsføresegne har gjort krav om inntrukne balkongar var å gi ein heilskapleg fasadeutforming, privatliv for bebuarane og mindre grad av sosial kontroll mot offentlege rom.

– Ansvarleg søkjar legg i søknaden vekt på at brystningshøyda på balkongane er konstruert med god høyde og redusert mengde glass, for å sikre privatliv for bebuarne samstundes som det reduserer grad av opplevd sosial kontroll mot det offentlege rom. Dei meinar at dei visuelt har skapt ein luftig fasade med tilbaketrekt 5 etg. Balkongane sitt formspråk og materialbruk harmonerer med resten av bygget og gjer ei oppleving av at dei er godt integrert med bygningskroppen.

– Byggesak deler søkjar si vurdering når det gjeld omsynet til planens intensjon. Fasadane framstår med eit harmonisk formspråk og materialbruk der balkongane framstår som ein integrert del av bygget. Materialbruken sørger for lysinslepp, samstundes som dei er nok lukka til å sikre privatliv. Byggesak vurderer at ein dispensasjon ikkje vesentleg tilsideset planens intensjon, heiter det i saksutgreiinga. Ein ser også at det er ein fordel, både økonomisk og teknisk at balkongane ikkje blir inntrekt i bygget.

17 leilegheitar

Bjørnegården vil etter ombygginga bli ein etasje høgare med næringsverksemd i 1. og 2. etasje og bustader i 3., 4. og 5. etasje. Totalt planlegg tiltakshavar 17 nye leilegheiter. For å få dette til på ein tilfredsstillande måte i tråd med reguleringsplanen søkjer dei også om å auke utnyttingsgraden med 2,9%.

– I vårt arbeid har vi utforma eit tiltak, klart for rammesøknad, som totalt gir 335m² auke i areal. Dette vil gi ein % BRA på 257,9 %. Det tyder at vi ligg 2,9 % over maksimal utnytting. Det kan nevnast at vi i vårt forslag ikkje utnyttar tilletne byggegrenser fullt ut.

– Vi meiner difor at maksimal % BRA ikke samsvarar med planen sin intensjon; i planarbeidet er det lagt til grunn at det skal kunne byggast ein ny 5. etg. og at det i bygget sine 3 øvste etasjar (3.-5. etg.) etablerast inntil 17 bueiningar.

– Ein dispensasjon, slik vi ser det vil ikkje tilsidesette, men heller bidra til å møte intensjonane i gjeldande plan, skriv tiltakshavar i søknaden.

Dette er planavdelinga samd i.

– Eit av hovudføremåla med planen er å legge til rette for bustader i 5.etasje. Dersom 5.etasjen mot nord trekkast tilbake, kan ikkje Planavdelinga sjå at ein svak overskridelse på 3% BRA vesentleg setter til side føremålet med planen, heiter det i uttala frå planavdelinga.

I planforslaget var intensjonen ei auka utnytting på 650 m², altså vesentleg høgre enn det Boligbygg Os as no søkjer om.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.