Lokal | 29. okt. 2013

Slik kan Kuventræ bli

Ny fleirbrukshall med dobbel storleik og oppgradert friidrettsbane med kastfelt kan bli realiteten om politikarane følgjer anbefalinga. Problemet er at rådmannen ikkje finn pengane.

Slik kan Kuventræ bli
Om lag som dette kan Os Idrettspark - Kuventræ bli om kommunestyret følgjer arbeidsgruppa si tilråding.
Andris Hamretirsdag 29. okt. 2013 17:19

Formannskapet oppretta i sitt møte 6. november 2012 ei utgreiingsgruppe for "Os idrettspark - Kuventræ". Gruppa si oppgåve var å utgreie korleis ein kan etablera ein ny hall og korleis løfta friidrettsanlegget på Kuventræ.

Gruppa tilrår at rådmannen innarbeider ein dobbel fleirbrukshall på Kuventræ for investeringsperioden 2014-2015 og at rådmannen innarbeider i investeringsplanen for 2014-2016 ei medinvestering i oppgradering av eksisterande friidrettsanlegg og omgjering av den eksisterande grasbane til kunstgras.

Eit vilkår for den siste investeringa er at Os Turn overdreg desse anlegga til Os kommune før oppgraderinga tek til.

Det nye friidrettsanlegget skal kunne nyttast av alle idrettslaga som har friidrett som aktivitet. Tildeling av brukstid skal skje på same måte som tildeling av trening i hallane.

I tillegg har arbeidsgruppa anbefalt at rådmannen i løpet av 2014 kjem tilbake med eiga sak omkring moglegheiten for at kommunen overtek drifts- og vedlikehaldsansvaret på alle private kunstgrasbanar i Os.

– Vi har ikkje funne rom for desse investeringane i økonomiplanen, fortalde rådmann Knut Terje Rekve i kommunestyret tysdag.

Dobbel fleirbrukshall

Arbeidsgruppa har drøfta seg fram til at dei tilrår kommunestyret å gå for ein dobbel fleirbrukshall (to handballbanar) bygd framfor dagens inngang til Osbadet/Oshallen og at den blir integrert med denne. Total grunnflate for den nye hallen vil vera på 3.175 kvaderatmeter (52 x 61 meter).

– Ved å bygga ny hall saman med eksisterande foajé/vestibyle/kafe og samstundes løfte opp eksistereande tak over dagens inngangsområde oppnår ein eit romsleg og luftig fellesareal som dels går over to etasjar og der ein kan nå inn i ein ny dobbelhall frå nybygd mezzanin over foajeen.

– I tillegg får ein cirka 400 kvaderatmeter golvareal i ein 2. etasje over garderobeseksjonen. Her kan det etablerast tribune for dobbelthallen heilt eller delvis, skriv arbeidsgruppa.

Gruppa har vore i kontakt med moglege leverandørar og kostnadsbereknar ein ny dobbelthall til mellom 32 og 33 millionar kroner eksklusiv mva.

Parkering under hallen

Då Tor Inge Døsen, som har leiia arbeidsgruppa, presenterte planan i ei overordna vending for årsmøtet i idrettsrådet måndag, kom det spørsmål om korleis ein ser for seg å løysa parkeringstilhøva.

– Det vil vi løysa med å laga parkeringsanlegg under delar av hallen.

– Terrenget ligg til rette for ei slik løysing, forklarte Døsen.

Vil bytta grunn

Noverande friidrettsanlegg har gjennom mange år fått lite merksemd og har vore prega av manglande vedlikehald.

– Ei viktig årsak til dette er manglande finansiell kraft frå anleggseigar Os Turn si side, heiter det i rapporten.

Arbeidsgruppa har difor skrive ein intensjonsavtale med Os Turn om at Os kommune og idrettslaget byter grunn slik at Os Turn får den nedste kunstgrasbanen, medan kommunen overtek dagens friidrettsanlegg, grasbane og området sør for dagens anlegg.

Ifølgje intensjonsavtalen betaler Os kommune eit mellomlegg på 1,5 millionar kroner for dette.

Oppgradert friidrettsanlegg

Eit oppgradert friidrettsanlegg vil ha tre hovudelement i seg:

• Ei oppgradering av eksisterande løpebane rundt fotballbana med 6 løpebanar og felt for hopphøvinger bak fotballmål.
• Eit kast- og aktivitetsfelt for alle kastøvingar sør for dagens anlegg.
• Skifte frå naturgras til kunstgras på fotballbanen for å auka brukstida på dei tre banene på Kuventræ totalt sett.

Ein føresetnad for at kommunen overtek anlegget er at den kommunale delen skal vera tilgjengeleg for alle idrettslaga i Os kommune og at det er kommunen som tildeler treningstider etter modell frå idrettshallane.

Den totale kostnaden med oppgradering av utandørsanlegget er grovt berekna til om lag 18 millionar kroner eksklusiv mva.

Trur på auka mangfall

Arbeidsgruppa trur at ei opprusting av Os Idrettspark - Kuventræ vil vera viktig i eit utviklingsperspektiv.

– Det vil kunne gje eit auka mangfall av idrettsrelatert aktivitet med nye idrettar som bordtennis, badminton, innebandy, turn- og gymnastikk, kraftidrett, kampsport, innefriidrett og anna.

Gruppa seg òg for seg ei vidare utvikling av turløyper, nærmiljøanlegg som klatrepyramider, sykkelløype, utandørs klatrevegg og anna. Også eit utandørs badetilbod i tilknytning til Osbadet er noko ein ser for seg.

I eit folkehelseperspektiv tenkjer ein seg òg eit nytt helsetilbod for overvektige barn/unge i tilknytning til Osbadet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.