Fjordbyen slik Eriksen Skajaa Arkitekter har teikna den med 119 bustader (ill: Eriksen Skajaa Arkitekter)

Slik kan Steinneset bli

Moglegheitsstudier av Steinneset viser 25, 35 eller 119 bustader.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Måndag ettermiddag inviterte kommunen til presentasjon av moglegheitsstudier for Steinneset. Tre handplukka arkitektfirma hadde fått oppdraget med å teikne Fjordparken (låg utnytting), Fjordgrenda (middels utnytting) og Fjordbyen (høg utnytting utan omsyn til dagens situasjon).

Les: I dag blir forslaga for Steinneset presentert 

For ein nesten fullsatt storsal i Tunet presenterte representantar for dei tre arkitektfirma April Arkitekter, Cubus Arkitekter og Eriksen Skajaa Arkitekter dei ulike svara på oppdraget.

Fjordparken

April Arkitekter hadde fått oppdraget med å teikna Fjordparken. Dei hadde teikna inn 25 bustader, men hadde samstudes fått oppdraget med å utvikla området langs sjøen som ein offentleg strandpark.

– Vi held intakt grønt området framfor dagens boligar og fjæra. Vi foreslår ein botanisk hage i bryggelandsskapet og viser ulike type aktiviteter som kan gå føre seg på brygga, fortalde Arna Mathiesen.

I brygga hadde dei blant anna teikna inn bad, stupetårn, moglegheiten for å hausta bølgeenergi, båtproduksjon og servicebygg for gjestehamn. Dei hadde også teikna inn ein restaurant, dels under vatn kor ein kan sjå fisken svømma, samstudes som ein får maten servert.

– Den unike plasseringa kor lakseelva møter sjøen må løftast fram, meinte Mathiesen.

Fjordgrenda

Thale Bjørnerheim frå Arkitektgruppa Cubus presenterte middelforslaget, kor dei hadde fått plass totalt 35 bustader.

– Vi har 17 bustader på den kommnunale tomta i syd og 18 leilegheiter i nord. I nord kan talet justerast opp om ein ønskjer det, forklarte Bjørnerheim.

Ho peika òg på at Steinneset har andre kvaliteter enn Oseana-sida av Oselva og at ein må ta omsyn til det når ein planlegg.

– Vi vil ha minst mogleg trafikk ned på kaien og få fram den flotte fjordutsikten. Det har òg vore eit mål å få inn aktiviteter for alle aldre, fortalde sivilarkitekten og presenterte eit spektakulært felleshus på moloen, badeplasser med flytebrygge og leikehaug med apparater å klatra i.

Fjordbyen

Arild Eriksen frå Eriksen Skajaa Arkitekter hadde fått heilt frie tøyler frå kommunen og trengde ikkje ta omsyn til eksistrande hus eller anna.

– Vi har sett på det største området, kor hus har blitt jamna med jorda. Berre så det er sagt, det har vi ikkje tenkt å gjera, men vi vil vise moglegheitene, innleia Eriksen.

Gjennom ei landsbyaktig bebyggelse hadde dei teikna inn 119 bustader på omlag 80 kvadratmeter kvar.

– Vi fekk lov å gå 27 meter ut i sjøen frå midten av vegen og har lagt eit bustad område heilt nede ved fjorden. Vi har tenkt trehusbebyggelse med saltak. I bakkant av området samla rundt to tun, forklarte sivilarkitekten.

Midtsiden kjem med reaksjonar frå møtet i eiga sak.

Fleire saker