Lokal | 27. jan. 2015

Slik rammar streiken

Fagforeningane går til politisk streik onsdag klokka 14. Bussane vil stoppa. Skuler og barnehagar vil helde ope.

Slik rammar streiken
Elevane ved Os ungdomsskule er blant dei som kan bli råka av manglande skuleskyss onsdag ettermiddag (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 27. jan. 2015 14:14

Onsdag går dei store fagorganisasjonane i Noreg til landsomfattande politisk streik frå klokka 14 til 16.

– Vi vil så langt som råd er freiste å unngå at tredje person blir råka.

– Men dette er den største politiske markeringa på mange mange år, så heilt skjerma vil ikkje alle bli, forklarar Johnny Christensen, hovudtillitsvald i Os kommune.

I dette leserbrevet kan du lesa kvifor fagforeningane går til den politiske markeringa.

Bussane parkerar

Midtsiden fekk måndag ettermiddag vidaresendt ei melding som var gått ut til føresette ved ei av skulene i Os.

«TIDE melder om at det ikkje blir skulekøyring onsdag 28.01. Dei elevane som til vanleg nyttar skulebuss, må koma seg heim på ein annan måte den dagen. Dei som vert henta av Osbuss vert ikkje råka».

– Det er rett at Skyss sine ruter, som her på Os er køyrd av Tide ikkje går mellom klokka 14 og 16.

– Men dei rutene som startar før klokka 14 blir fullførde som vanleg. Det er ikkje slik at elevane blir satt av der bussen er når klokka slår 14, fortel skulefagleg rådgjevar Signe Christensen.

Barnehagar og skular opne

Når det gjeld skulane, SFO og barnehagane som vil dei helde opne som vanleg.

– Det er ein frivillig streik. Alle skular, SFO og dei kommunale barnehagane held opne som vanleg på onsdag, men nokre av dei har redusert bemanning frå klokka 14 og utover.

To av dei andre områda innan oppvekst- og kultur, Helsestasjonen og Kulturskulen, er òg påverka av streiken. På helsestasjonen er enkelte avtaler utsett, medan kulturskulen vil gjennomføra undervisning som planlagt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.