Lokal | 02. nov. 2017

Slik svarte administrasjonen

Politikarane kritiserte prosjektstyringa i kommunen. Slik svarte rådmannen og prosjektsjefen.

Slik svarte administrasjonen
Rådmann, kommunalsjef og prosjektsjef nytta middagspausen til å samkøyra svaret til politikarane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 02. nov. 2017 07:21

I kommunestyret kom politikarane med krass kritikk av prosjektstyringa i Os kommune.

Etter at politikarane hadde fått i seg ein matbit, var det administasjonen sin tur til å svare på kritikken.

– Eg har lyst til å seia noko i tillegg til presentasjonen de fekk om OHARA. Det å byggja store tunellanlegg er ikkje noko kommunen gjer i det daglege. Vi er heilt avhengige av rådgivarar, og vi har brukt nasjonale firma, som er blant dei beste i landet, til å kalkulera for oss.

– Vi har ikkje kompetansen sjølv. Difor må vi støtte oss til desse. Det må kanskje kommunestyret også. Når dei bommar, så bommar rådmannen, og då bommar kommunestyret òg, innleia rådmann Christian F. Fotland.

Vanskeleg å styra marknaden

Fotland peika vidare på at OHARA er eit prosjekt som har, og vil, strekka seg over mange år.

– Det er delentrepriser i 100 millionarsklassen og markedet endrar seg frå år til år. Etter at det blei vedteke har det starta store vegprosjekt i området her som har vore med å presse prisane opp. Det er vanskeleg å kontrollere marknaden. Når du går ut tre år etter vedtaket for å henta inn entreprisen, så er det vanskeleg å sjå kva tilbod du får.

– Når det gjeld en varsla auka, så kunne det kanskje kome tydelegare signal i 1. tertial, men det er òg ein prosess. Tala kom på bordet like før ferien. Eg tar kritikk på at eg kunne varsla formannskapet før ferien. Det skal eg ta læring av og bruke utvalet betre enn det vi har gjort, forsikra rådmannen.

Sprekk eller rebudsjettering

Eit anna moment rådmannen kom inn på var forskjellen mellom ein budsjettsprekk og rebudsjetteringen.

– Det er vanskeleg å sprekka på ein skule du ikkje har starta å bygga enno. Det både eg og prosjektsjefen ønskjer er å få realisme inn i det første budsjettet kommunestyret får. Vi vil ikkje selja inn eit til 70 millionar, om vi veit det kostar 110. Men også dei første budsjetta er kalkyler. Vi veit ikkje prisen før vi får testa marknaden. Ta berre vegvesenet, som bomma med 40 % på Åsen Helleskaret.

System, prosjektsjefens einaste oppgåve

Fotland forsikra at administrasjonen har fullt fokus på å få på plass gode rutinar, system og kontrollmekanismer.

– Det er det den nye prosjektsjefen har som sitt hovedprosjekt for tida. Opparbeiding av system og nye rutiner. Vi har sett at vi har for dårlege internkontrollrutinar, at kvalitetssystemet ikkje er godt nok og at heller ikkje styringssystemet har vore godt nok. Sist fredag valde vi nytt kvalitetssystem, men det bruker vi eitt år på å implementera. Så stort er det. Eg håper de vil backa oss på det, slik at de kan vera trygge på at oppfølginga av prosjektporteføljen vår er av beste merke. Det nye systemet byggjer vi saman med Fusa.

Implementerte styringssystem for tre veker sidan

Prosjektsjef Halvor Hanevik supplerte rådmannen.

– Mitt hovedprosjekt er å rydda opp i rutiner og kontrollsystem. Vi har kanskje ikkje hatt det i tilstrekkeleg grad tidlegare. Den første tida mi etter at eg starta har eg brukt masse ressursar på å bygge nytt styringssystem.

– Det starta vi å implementera for tre veker siden og det jobbast med det, men Rom blei ikkje bygd på ein dag. Likevel føler eg at vi går i rett retning.

Lova trafikklys-rapportering

Jostein Bondevik (Krf) lurte på når politikarane kjem inn i kvalitetssystemet og eventuelt får moglegheiten til å trekka i bremsen.

– Først vil eg kommentera OHARA. Dei har full støtte og har hatt ganske god kontroll. Det er dei vi har støtta oss på som ikkje har hatt kontroll. Dei som jobbar med OHARA gjer sitt beste.

– Når det gjeld systemet så vil formannskapet kvar månad få ein loop av prosjekta med trafikklysvarsling med grønt, gult og raudt. Det vil gje dei moglegheiter. Eit tog som har såvidt begynt å rulle er mogleg å stoppa, men eit som er i full fart er vanskeleg å stoppa, poengterte Hanevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.