Sport | 04. mai 2016

Slo Ariel sin rekord - i Ariel si drakt!

Tvillingsøstrene Tracey og Janne Holm fekk kvar si drakt av svømmestjerna Ariel Braathen. Tracey takka for gåva ved å slå Ariel sin banerekord under dagens skulemeisterskap.

Slo Ariel sin rekord - i Ariel si drakt!
Tracey Malene Holm (t.v.) og søstera Janne i draktene dei fekk av Ariel Braathen. Tracey slo i dag Ariel sin banerekord. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. mai 2016 10:51

Bildeserie:

Banerekordar i Osbadet per 4. mai 2016.
Banerekordar i Osbadet per 4. mai 2016.
1 av 2
Banerekordar i Osbadet per 4. mai 2016.

Osbadet som arena og Os Svømmeklubb sitt talentarbeid held fram med å fostra gode svømmarar.

Ariel Braathen, som har begge B-krava til OL i boks og no held på å spissa formen for å sikra A-kravet før OL i Rio, har gjeve vekk svømmedrakt til to av dei unge talenta.

– Ho hadde ei trekning der ho skulle gje éi drakt. Då ho fekk høyra at vi var tvillingsøstre så fekk vi drakt begge to, fortel Tracey Malene Holm.

Raskast av alle

I dag svømte Tracey frå Nore Neset barneskule, som òg er aktiv i Os Svømmeklubb, 25 meter fri på 14:97.

Det heldt ikkje berre til siger i jenteklassen (med betre tid enn vinnar av guteklassen), det er ny banerekord for jenter på 6. trinn. Den gamle rekorden var Ariel Braathen sin.

– Drakta er vanskeleg å ta av, men veldig god å svømma i, synest Tracey og Janne, som tok 1. og 2. plass på distansen. Janne svømte på sterke 16.02.

Venninna Emma tok 3. plass. Ho vann 25 meter bryst, Ariel sin favorittkategori, med Janne og Tracey på 2. og 3. plass. Emma si vinnartid, 19:52, var òg nær rekord.

Banerekord i 4. klasse

Det er 5., 6. og 7. klasse ved alle barneskulane i Os som var inviterte til skulemeisterskapen.

Alle skulane stilte, med unntak av Søre Øyane og Lysekloster.

I 5. klasse sette Emil, son til Os Svømmeklubb-instruktørane Elin Austevoll og Thomas Harlem, ny banerekord på 25 meter fri med tida 15:34.

Han knuste førre rekord, som var på 18:38.

Midtsiden kjem tilbake med alle resultat og fleire bilde frå skulemeisterskapen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.