Slo seg ned i Pipa

Webdesigner Atle Hansson, tidlegare Ingebrigtsen, har vore digital nomade i over 5 år. No har osingen fast bustad og jobb i ein idyllisk brasiliansk surfelandsby.

Atle Hansson har slått seg til ro i den brasilianske landsbyen Pipa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. jan. 2014 10:00

Bildeserie:

Lunsjen er servert! (Privat foto)
Pipa sentrum. (Foto: KVB)
Stranda på flo sjø. (Foto: KVB)
Det vrimlarar av surfarar i og rundt Pipa. (Foto: KVB)
På veg på delfin-safari. (Foto: KVB)
Delfinane er der kvar dag. (Foto: KVB)
Den tidlegare fiskerlandsbyen er populært reisemål. (Foto: KVB)
Kor mange dyr ser du i taket? (Foto: KVB)
Brasiliansk delikatesse: Grilla hummar. (Foto: KVB)
Conta har fint kontor i Pipa. (Privat foto)
... men Atle sit helst utandørs. (Privat foto)
Lunsjen er servert! (Privat foto)
Pipa sentrum. (Foto: KVB)
1 av 11
Pipa sentrum. (Foto: KVB)
Stranda på flo sjø.  (Foto: KVB)
Det vrimlarar av surfarar i og rundt Pipa.  (Foto: KVB)
På veg på delfin-safari.  (Foto: KVB)
Delfinane er der kvar dag.  (Foto: KVB)
Den tidlegare fiskerlandsbyen er populært reisemål.  (Foto: KVB)
Kor mange dyr ser du i taket?  (Foto: KVB)
Brasiliansk delikatesse: Grilla hummar.  (Foto: KVB)
Conta har fint kontor i Pipa. (Privat foto)
... men Atle sit helst utandørs. (Privat foto)
Lunsjen er servert! (Privat foto)

Rundt ein time med bil, om du tar snarvegen på stranda med buggy, sør for den brasilianske storbyen Natal, ligg den sjarmerande vesle landsbyen Pipa.

For 30-40 år sidan blei fiskerlandsbyen invadert av hippiar og surfarar. I dag er Pipa meir besøkt av generell turisme, men atmosfæren er framleis prega av surfarar og andre som liker ein laid-back livsstil.

Her møtte vi ein osing som har lete seg lokka av det fine klimaet. Men Atle Hansson, tidlegare illustratør og journalist, no gründar og webdesignar, har ikkje så mykje tid til å vera turist i dei vakre omgjevnadane.

– Det blir mange lange dagar, men vi sit under tak utandørs, ofte med apekattar og landkrabbar ved kontorpulten, og har det koseleg både når vi jobbar og har fri, seier Atle.

Son til Hans

Midtsiden møtte Atle på ei lita sjappe i den korte, fargerike og folksame hovudgata over stranda i Pipa. Men før vi kom i gang med å spørja om korleis osingen hadde hamna her, var det ein annan ting vi ville ha svar på.

Facebook-chat er eit av mange billige alternativ når du skal kommunisera med folk lokalisert nokre dyre teljarskritt vekke. For eksempel for å avtala intervju. Men Atle Ingebrigtsen var i starten ikkje lett å finna i sosiale medier.

Hansson, sa du? Er ikkje Ingrebrigtsen, etternamnet til foreldra, det pensjonerte lærarekteparet Kari og Hans, godt nok?

– Eg var nøgd med etternamnet mitt til eg flytta til Frankrike. Der blei det langt og tungt, både i dagleg bruk og som signatur på illustrasjonane mine, forklarer Atle, storebror til forfattar og Sultpris-vinnar Eirik Ingebrigtsen.

– Sidan eg er son til Hans, og Hansson er skandinavisk, og både kort og enkelt, brukte eg Hansson. Først som pseudonym, men no også i folkeregisteret.

Fem år Frankrike

Det er over 10 år sidan Atle har budd i Noreg. Sonen til gymnastikk- og formingslærar Hans er flink å teikna, har gått kunstskule i Sveits og har jobba fleire år som illustratør.

Han hadde tilbod om fast jobb som nyhendegrafikar i Bergens Tidende i 2001, men valde å jobba som frilansillustratør, noko han heldt fram med også etter at han i 2003 flytta til Frankrike.

– Eg møtte ei fransk jente, fortel Atle om årsaka til at han reiste.

– Vi budde saman i Frankrike nokre år. Til saman budde eg fem år i Paris.

I 2008 reiste Atle frå Frankrike. Han hadde fått smaken på dette med å jobba over nett og var raskt på reisefot igjen.

Møtte komande kollega i Argentina

– Eg gav ut ei bok, Frilansboka, og etablerte nettstaden frilansinfo.no. Det selte godt og overskotet gav meg eit greit reisebudsjett.

Turen gjekk til Sør-Amerika og etter ei stund landa Atle i Buenos Aires. Der møtte han Eivind Ravndal, som driv med programmering. Dei byrja å snakka om å jobba i lag, og søkte fram ein annan norsk potensiell samarbeidspartnar via internett.

– Vi trudde Jonny Lium var heime i Noreg, men då han bad oss ringa han viste det seg at han var i Natal i Brasil, med kone og nyfødd unge. Akkurat då var vi i same by, nokre hundre meter borte i gata.

Dei tre møttest og det blei starten på Conta Systemer AS.

Norsk firma med avdelingskontor i Pipa

Atle fortel at Jonny kom inn med svært gode idear, og synest dei tre utfyller kvarandre svært godt. Jonny har seinare flytta til Noreg med familien sin, og etablerte hovudkontoret til selskapet, som altså driv med webutvikling, med avdelingskontor i Pipa.

– Vi har reist mykje, saman og kvar for oss, Sao Paulo-området, Rio, Peru, Karibia, Portugal, Kapp Verde og litt i Panama også. Men fann ut at det var gunstig å sitja saman, ikkje berre jobba over nett.

– Då ville vi lengre nord i Sør-Amerika, der klimaet er tørrare og meir stabilt og varmt året rundt. Eivind kjøpte hus i Pipa, så vi etablerte oss her.

Årsaka var ikkje berre klima.

– Brasil har lågare kostnadar og er ein svært interessant framtidig marknad for oss.

Firmaet blei stifta i 2010 etter ein oppkjøringsperiode hausten 2009. Omsetnaden har auka frå 900.000 kroner til 9 millionar på tre år, og firmaet har no 12 tilsette, 5 av dei i Pipa.

– Eg fekk visum i mai og flytta til Pipa i juni 2013, fortel Atle.

Kontor utandørs

Conta Systemer leiger kontor oppe på haugen over Pipa sentrum. Der sit fem nordmenn, ute, men under tak, og får rikeleg med frisk luft i arbeidsdagen.

– Klimaet, nærleiken til naturen her og at brasilianarane er eit venleg folkeslag veg opp for latterleg byråkrati og mange bakvendte ordningar.

– Arbeidsantrekket er shorts og t-skjorte, og vi har tilsett ei kokke som diskar opp med indrefilet og anna snadder til lunsj kvar dag. Dei fire andre er programmerarar, medan eg har ansvar for design og innhald på alle nettsidene våre.

– I tillegg er eg som ein av eigarane ofte opptatt med administrative gjeremål. Denne veka har eg t.d. laga ein presentasjon som blir bruka i møte med potensielle samarbeidspartnarar i Noreg.

– Etter 10 år utanlands, er det noko du saknar med Noreg?

– Raskt internett og velsmurt samfunnsmaskineri, og høg kvalitet på varer du kjøper. Elles er det ikkje noko, bortsett frå familie og venar.

Atle har ny kjærast, men ho bur ikkje i Brasil. Men Atle bur ikkje åleine i Pipa, han deler leilegheit med "ein knakandes kjekk" musikar frå USA, Jonah.

– Kva gjer du på fritida?

– I vekene blir det mykje jobbing og trening, i helgene strandliv og sosialisering. Tempoet er nok hakket rolegare enn lesarane av Midtsiden er vane med.

– Når eg ser på korleis mange europearar lever så skjøner eg ikkje at dei gjer det frivillig. Før eg slo meg ned permanent i Pipa i juni 2013 hadde eg vore på reise som digital nomade sidan 2008, med berre nokre korte turar tilbake til Os innimellom.

– Det har gjort at eg ser fordelane med å eiga få ting. Det gav meg ei litt uventa lukkekjensle å kvitta meg med nesten alt eg hadde og å reisa med eit par koffertar. Hobbyar som krev utstyr og ein fast plass å jobba på, anten det er bilmekking eller oljemåleri, er ikkje like aktuelt lenger. Tropisk klima vrir deg også over på eit anna spor enn det du var i gjennom lange norske vintrar.

– Kor lenge ser du for deg at du blir buande i Pipa?

– Det er vanskeleg å seia. Brasil er stort, og det kan godt henda firmaet flyttar på seg, og at eg flyttar med. Men førebels trivst vi godt her alle mann, og ser for oss å vera her eit par år til i alle fall. Det er ein liten og trygg plass i brasiliansk samanheng.

– Eg er veldig takknemleg over å ha fått sjansen til å bu og jobba der eg ønskjer, og at eg allereie tidleg på 2000-talet skjønte at internett var nøkkelen til større fridom, seier Atle Hansson før vi skil lag, søndag i romjula 2013.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.