Fotball | 17. sep. 2023

Slo serieleiar 7-2

Os 2 har retning comeback i 4. divisjon.

Slo serieleiar 7-2
Kristian Dymarczyk, her mot Juristforeningen i august, skåra to av måla mot Viking i kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. sep. 2023 20:31

Os 2 følgde opp 0-4-siger borte i lokaloppgjer mot Nore Neset med 7-2-siger heime over Viking i dag.

Eirik Rysjedal sendte Os 2 i leiinga i 8. minutt, gjestane utlikna på straffe i 21. minutt.

Så kom fire mål til heimelaget, to av Kristian Dymarczyk, to av Magnus Spangelo Haga, det siste i starten på andre omgang.

Etter pause meldte den spanske veteranen Rafael Villén seg på, og auka til 6-1, før Fredrik Strønen Skeie sette inn 7-1.

Viking reduserte til 7-2, som sto seg kampen ut.

Etter nokre utsette kampar grunna avansement i NM i vår, ligg Os 2 med to kampar førre spelt, men er berre to poeng bak Trane på 2. plass og 7 poeng bak Viking.

Os 2 sin neste kamp går borte mot nettopp Trane.

Både 1. og 2. plass rykker opp til 4. divisjon, som Os 2 rykte ned frå i fjor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.