Kultur | 19. jan. 2015

Slo storebror med 41 år

Veslejulaftan fann Eirik Ulvatne ein 348 år gamal mynt. I helga grev broren Brynjar fram ein skilling frå 1626!

Slo storebror med 41 år
Brynjar, som også er ein ivrig fiskar, fann i helga ein skilling frå 1626 i Os. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. jan. 2015 12:02

I jula fortalte Eirik Ulvatne om sin nye hobby, og om eit spesielt funn i Os veslejulaftan.

Les òg: Eirik fann 348 år gamal mynt

Eirik hadde blitt hekta på same hobby som broren Brynjar, å gå på skattejakt med metalldetektor.

I helga var brørne ute igjen, og denne gong fann dei ein mynt som er så gamal (før 1650) at den måtte leverast til fylkesarkeologane.

– Eg er på veg ned til fylkeskommunen no, fortel Brynjar, som laurdag fann ein skilling frå 1626.

Funnen på same stad

Brynjar fann mynten 15 meter frå der Eirik fann den som var frå 1666. Men han hadde ikkje snike seg ut åleine, for å slå storebroren.

– Nei, nei! Vi gjekk i lag og vi unner kvarandre å gjera spesielle funn. Det er akkurat som fiske, det sosiale er ein del av det som gjer det kjekt, seier Brynjar.

Mynten er funnen på kommunal grunn.

– Vi har avtale med kommunen om dette. Vi liker best å leita på stadar der vi har avtale med grunneigar, anten det er kommunen eller privat, sånn at vi ikkje føler at vi er i ei gråsone.

Hemmeleg adresse

Han fortel at mynane er funnen nær sivilisasjonen, men han vil ikkje fortelja akkurat kvar det er.

– Vanlegvis så er eg ikkje så opptatt av å halda slike ting hemmeleg. Men så lenge vi har ein avtale med grunneigar føler vi også eit visst ansvar. Om andre går på desse plassane, og ikkje grev fint på plass etter seg, kan det falla tilbake på oss.

Mynten frå 1626 blei funnen fem centimeter under torva.

Brørne Ulvatne har gjort fleire funn. Dei som er gjort på kommunal grunn skal dei levera til kommunen så det kan bli ei lita utstilling av funna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.