Sport | 01. des. 2013

Slo svenskekongen

Frode Veim Haugland fekk endeleg overtaket på Niklas Nannestad då han i helga deltok i Armwars i Gøteborg.

Frode vann i helga 5 av 6 kampar mot den svenske meisteren Niklas Nannestad. (Privat foto) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. des. 2013 21:10

Eurosport sin Armwars held fram med osingen Frode Veim Haugland som ein av brytarane i -85 kilo.

Dei tre gongane han har gått mot den svenske meisteren Niklas Nannestad har det enda 3-3, men denne helga fekk endeleg osingen overtaket.

– Wow! What a feeling it is to finally beat Niklas Nannestad and become armwars world champ! Be ready Craig Tullier, I want the right hand title as well! skriv Frode på facebook.

Det var nemleg med venstre hand han vann armkrigen, som denne helga gjekk i Gøteborg.

– Eg vann 5 av 6 kampar, det var deilig, seier Frode, som til no har lagt på 2. og 3. plass på rankingen.

Slo nok ein meister med høgre arm

Med høgre hand skulle han bryta mot ein franskmann, men han måtte trekka seg grunna broten arm (!).

– I staden møtte eg Johan Brun, som er svensk meister i -80 kilo.

– Der vann eg 6-0, fortel Frode, som kjem heim til Os måndag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.