Sport | 01. sep. 2013

Slo tabelltoaren

Ramo Racic er tilbake i slag, men det var eit skot i krysset av Adrian Valle og eit kanonraid av Egil Thuen som måtte til for at Os 2 skulle snu heimekampen mot NHH.

Slo tabelltoaren
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. sep. 2013 07:46

Laurdag spelte Os 2 heime mot tabelltoar NHH. Etter fire tap på rad var andrelaget til Os klare for siger, men dei bestemte seg først i pausen.

– Vi hadde for lågt tempo i førsteomgang, men så fekk vi eit kollektivt løft, seier Ramo Racic.

Os 2 - NHH 2-1 (0-1)
Målskårarar, Os 2: Adrian Valle og Egil Thuen.

Os 2 skapte nokre sjansar i førsteomgang, men det var NHH som framsto som sterkast. Osingane klarte ikkje å halda ballen i laget, var upresise og flytta både bein og ball for seint.

– Vi visste at vi møtte eit godt lag og eit lag med fysisk sterke spelarar. Men vi kom oss i andreomgang. Vi bestemte oss i pausen for å snu dette med éin gong, og det var kjekt å sjå korleis alle tok seg saman, synest Ramo.

Tilbake etter skade og operasjon

A-lagsspissen Ramo har vore ute med skade i minisken frå før sesongstart, men har no fått to innhopp på A-laget og vore på banen i to kampar med Os 2.

– Det går betre og betre. Eg kjenner at eg blir stiv i kneet, og har litt smerter, men eg har tett dialog med lege og alt skal vera som normalt.

– Valle var best

Midtsiden, som fekk med seg førsteomgangen av kampen laurdag, synest Ramo gjorde god figur, var offensiv, flittig og sterk i duellane.

Sjølv synest han at Adrian Valle var heimelaget sin beste spelar i dag.

– Han er ein av dei unge som imponerer meg mest. Og så var det kjekt å sjå Kjartan Svendsen tilbake for Os, han var stødig som junior og er endeleg tilbake etter skule i nord.

Innlegg av Røen og raid av Thuen

– Men det var Isak Røen som sto for sjølve snuoperasjonen. Han er både teknisk, duellsterk og full av initiativ, då han kom inn hagla det med innlegg frå høgrekanten og han var dessutan nær skåring sjølv.

Adrian Valle sørgja for 1-1 på eit skot frå 20 meter og klin i vinkelen. Egil Thuen blei matchvinnar då han sprang 40 meter åleine med ballen, og dribla 4-5 mann før han skaut ballen mellom beina på keeper og i mål.

– Det var utruleg vittig å sjå eit skikkeleg Egil-raid igjen. Vi sto mange ledige og bad om ballen, men han hadde bestemt seg og gjorde det nesten berre han kan, ler Ramo.

Os 2: Frode Øvredal - Ørjan Glesnes, Kjartan Svendsen, John Ole Johannessen, Tor Erik Kjosås Berge - Steffen Ludvigsen, Adrian Valle, Sander Kvittingen - Emil Halvér, Egil Thuen og Ramo Racic.

Os 2 ligg på 10. plass av 12 lag på tabellen, 6 poeng framfor 11. plassen (Loddefjord), 3 poeng bak 9. plass (Valestrand Hjellvik).

Nest kamp går borte mot Nordre Fjell på 7. plass.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.