Lokal | 28. aug. 2019

Slo varmerekord frå 1947

Mange tok seg ein dukkert for å kjøla seg ned på det som kanskje var årets siste sommardag.

Marie (10), Sofie (3) og Maya (3) koste seg i Sigurdsvikjo i varmen i går ettermiddag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. aug. 2019 07:36

Finvêret som kom i helga toppa seg i går med temperaturar på over 25 gradar.

På brygga i Sigurdsvikjo i Ulvenvatnet var det tett med ungdomar, på stranda tok Marie (10), Sofie (3) og Maya (3) seg ein dukkert.

– Det er ganske varmt i vatnet òg, seier Marie.

Heilt sør i fylket, i Etne, blei det målt 30,4 varmegradar.

– Dette er noregsrekord, vi har aldri før målt så høg temperatur så seint på året, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss til NRK.

Det seinaste det tidlegare var målt over 30 gradar var 26. august 1947. I går var det 27. august.

Store nedbørsmengder og fare for skred og flaum

Onsdag morgon er det framleis sol og varmt i Os, men det er venta å snu med eit brak.

Det er meldt lyn og store nedbørsmengder i ettermiddag, kveld og natt til torsdag, så store at det er sendt oransje faremelding med fare for skred og flaum på Vestlandet.

Det er meldt nokok lettare vêr på dagtid torsdag, men så skal det regna fram til helga og gjennom helga.

• Sjå vêrmelding for Osøyro på VG Pent

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.