Lokal | 30. mars 2013

Sløkte grasbrann på Gåssand

Medan brannvesenet dreiv ettersløkking på Kuhnle gjekk alarmen på nytt. – Ei sigarettglo er nok når det er så tørt som no, åtvarar brannsjefen.

Sløkte grasbrann på Gåssand
Rundt 100 kvadratmeter blei svidd av på Gåssand i dag. (Foto: Varde Film og Media)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 30. mars 2013 14:06

Laurdag braut det ut ein større grasbrann ved eit større bustadområde på Kuhnle.

Medan brannvesenet dreiv ettersløkking gjekk alarmen på nytt.

– Vi rykte ut med éin bil og fem mann og fekk raskt kontroll, seier brannsjef Stein Gjøsund om grasbrannen på Gåssand.

Årsaka til brannen er ikkje funnen, men Gjøsund seier det skal lite til.

– Det er svært tørt, ei sigarettglo kan vera nok. Folk må vera svært varsame i desse dagar, seier han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.