Lokal | 15. juli 2018

Sløkte grasbrann ved verna skog nær bustadar

I natt kom det melding om grasbrann i Villelia naturreservat. Heldigvis er brannstasjonen berre 200 meter vekke.

Sløkte grasbrann ved verna skog nær bustadar
Den vesle grasbrannen kunne spreidd seg til både verna skog og fleire bustadar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. juli 2018 08:05

Bildeserie:

1 av 2

Mens brannvesenet på Tysnes i natt sløkte brann i skule med overnattande festivaldeltakarar, fekk Os brannvesen melding om grasbrann ved verna skog i Villelia.

Villelia naturreservat ligg langs Halhjemsvegen. Terrenget er bratt opp til bustadområde på Mobergslia, men ligg heldigvis òg nær brannstasjonen.

– Dette kunne blitt ein storbrann, seier varabrannsjef Arne Monsen.

– Det er tørt i Os for tida, men det var litt duskregn i lufta og lite vind, dessutan hadde vi kort veg til brannen.

Brukte over 12.000 liter med vatn

Brannvesenet rykte ut, køyrde over brua som går over E39 Halhjemsvegen, låste opp bommen og byrja å sløkka grasbrannen, som var cirka 30 meter frå bommen.

– Den hadde heldigvis ikkje spreidd seg så mykje, berre rundt 15 kvadratmeter var svidd av. Vi er glade for at det raskt blei varsla om brannen.

Ettersløkking og dynking med vatn av terreenget rundt blei gjort grundig.

– Vi tømte tanken på både mannskapsbilen (2000 liter) og tankbilen (10.500 liter), fortel Monsen.

Årsaka til brannen er ikkje kjent. Politiet var på staden og vil etterforska saka.

– I så tørt vêr som vi har no så skal det ikkje meir til enn at nokon slenger frå seg ein tent sigarett i terrenget.

Verna skog og bustadar sto i fare

Grasbrannen starta langs gamle Halhjemsvegen, i den eine enden av Villelia naturreservat.

Naturreservateter ein edellauvskog med alm og ask som dominerande treslag, men det er òg mykje hassel i busksjiktet. Elles er det variert innslag av bjørk, lind, rogn, hegg, platanlønn, svartor og selje. Feltsjiktet er rikt med karplantar som falkebregne, skogsalat og kristorn, ifølgje naturbase.no.

Føremålet med vernet er å ta vare på ein frodig edellauvskog med artsrik vegetasjon og fleire interessante skogsutformingar som har særleg verdi for forskning og undervisning.

Det var ikkje berre verna skog som sto i fare, Villelia er bratt, og rett over skogen ligg bustadområdet Mobergslia.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.