Lokal | 29. okt. 2010

Slutt for lefsene?

Produksjonen av Vestlandslefsa på Bøe går mot slutten, no kan produksjonen bli flytta til Arna eller Tysnes.

Slutt for lefsene?
Andris Hamrefredag 29. okt. 2010 12:16

Allereie i 2008 byrja produksjonskapasiteten for Vestlandslefsa i fabrikken på Bø å nærma seg taket. No vurderar Rieber & Søn å flytta den tradisjonsrike bedrifta ut av Osbygda.

- Vi har i eit par år køyrd "Prosjekt Vestlandslefsa" der vi har sett på kva som skal til for å auka produksjonskapasiteten, fortel fabrikksjef Jan Arne Vevatne.

Prosjektet har sett på kva slag investeringar som må til i lokale og utstyr og kor dei kan finne den nødvendige plassen.

- Prosjektet har nettopp levert ei innstilling til styret i Rieber og Søn som skal ta den endelege avgjerda, seier Vevatne.

Arna eller Tysnes
Det som er sikkert er at fabrikklokala på Bø er for små og at det ikkje er mogleg å utvida dagens fabrikk.

- Vi har egentleg ikkje noko alternativ på Os, så det er nok Arna eller Tysnes som ligg best ann, fortel fabrikksjefen.

Frå styret fatter avgjersla reknar Vevatne med at det vil ta eitt til to år før den nye fabrikken er oppe og går avhengig av om dei skal bygga nytt eller flytta inn i eit eksisterande bygg.

Ikkje utan kamp
Ei tradisjonsbedrift som Bøe Lefsebakeri vil ikkje kommunen gi frå seg utan kamp.

- Vi har jobba med denne saka eit par år allereie. Eg har i dag avtalt eit telefonmøte på mandag med Patrik Andersson, administrerande direktør i Rieber & Søn for å høyra om det er noko vi kan gjera for å behalda lefsefabrikken på Os, seier ordfører Terje Søviknes.

- Det er for gale om ein tradisjonsbedrift som Bøe Lefsebakeri forsvinn ut av bygda, seier Søviknes.

Samstundes har han forståing for at dei lyt ta bedriftsøkonomiske hensyn og at dei har behov for å kunne auka produksjonen.

- Dei har jo produsert fantastiske mengder Vestlandslefse til ein fantastisk kvalitet på Bøe. Det er ingenting vi heller vil enn å kunne tilby aktuelle areal for ein ny fabrikk på Os, seier ordføraren.

Søviknes trur kommunen kan matcha Arna når det gjeld bidrag frå det offentlige, men innrømmar at Tysnes nok har nokre sterke kort i høve til distriktsmidlar som ikkje Os har same tilgang på.

Fakta om Vestlandslefsa

  • Inger Bøe starta produksjonen i kjellaren sin for over 50 år sidan.
  • Sonen Torolf Bøe og kona Rigmor starta fabrikkproduksjon av Vestlandslefsa i 1959.
  • På slutten 70-talet byrja produksjon av ferdigsmurte Vestlandslefser.
  • Fabrikken blei selt til Rieber & Søn i 1989 og heiter no Toro Os.
  • Blir no selt i fire variantar, tørre lefser, smurte lefser (smør, sukker og kanel), smurte lefser med eplesyltetøy og nyheiten Sjokokaramell (smurt lefse med lys kakaotrøffel med sjokoladesmak).
  • Produserer 70/30 smurte/tørre lefser, 1 lefse i sekundet, i to skift.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.