Lokal | 05. jan. 2012

Slutt på C-ferja

Verdas største gassferje "MF Boknafjord" skal sikra stabil drift mellom Halhjem og Sandvikvåg. Til helga tar ho dei første turane.

Slutt på C-ferja
MF Boknafjord vil trafikkera sambandet mellom Halhjem og Sandvikvåg når dei andre ferjene må på verkstad (pressefoto)
Andris Hamretorsdag 05. jan. 2012 10:27

Tysdag hadde Fjord1 si siste ferje, MF Boknafjord, jomfruturen. Gudmor og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa var med på turen.

- Dette er ein gledesdag for trafikantane. Med denne tredje ferja i operasjon på Boknafjorden sikrar vi avgang kvart 20. minutt – samanlikna med kvar halvtime som er dagens løysing, sa samferdsleministeren.

Erstattar C-avgangane

Større glede for osingar er at ferja skal nyttast som erstatningsferje når ei av ferjene på sambandet mellom Halhjem og Sandvikvåg skal til sertifisering eller på reperasjon.

- Det aller viktigaste for reisande på Haljem-Sandvikvåg er nok at denne ferja vil sikre at det blir slutt på den såkalla "C-ferje problematikken", sier kommunikasjonssjef Ingrid Færøyvik i Fjord1 Nordvestlandske.

- I dag er det tre store gassferjer som tek unna trafikken på Haljem-Sandvikvåg. Om lag kvar tredje avgang i denne ruta på kvardagar er merkt med C i rutetabellen. I praksis betyr dette at når ei av ferjene skal på verkstad, vert denne C-avgangen droppa med dagens ordning, etter avtale med oppdragsgivaren vår.

- No vert det heldigvis ei betre ordning når den største gassferja i verda - MF Boknafjord - vert sett i drift på Arsvågen-Mortavika-sambandet. Denne ferja skal nemleg sikre hyppigare avgangar i dette sambandet, i tillegg til å fungere som ekstraferje på Haljem-Sandvikvåg-sambandet dersom ei av ferjene der skal på verkstad. Med denne ordninga blir det dermed slutt på at C-ferja ikkje går på dette sambandet, forklarar Færøyvik.

Etter det Midtsiden kjenner til vil MF Boknafjord allereie til helga bli satt inn i trafikk mellom Halhjem og Sandvikvåg.

Om MF Boknafjord

Den nye gassdrivne ferja er designa av Multi Maritime AS i Førde og har ei total lengde på 129,9 m, ei største bredde på 19,2 m og ein kapasitet på 242 personbilar eller 22 vogntog i kombinasjon med personbilar.

Ferja har plass til 600 passasjerar inkl. mannskap.

Ferja er bygd iht. Det Norske Veritas klasse, har ei dødvekt på vel 1350 tonn og er på vel 7500 bruttotonn. Vidare er skipet utrusta med 4 azimuth thrustere som vert drivne av eit gass-elektrisk anlegg beståande av 3 store LNG gass motorar og vekselstrømgeneratorar.

Gassmotorane vil gje ein servicefart på over 20 knop.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.