Lokal | 27. feb. 2018

Slutt på elbil-fordel

Frå 1. mars må også elbilar betale på ferja mellom Halhjem og Sandvikvåg.

Slutt på elbil-fordel
Frå 1. mars må også elbilar betalast for på E39 Halhjem-Sandvikvåg (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 27. feb. 2018 07:36

Etter at det kom på plass nye reglar for ferjetakstar kor det blei opna for betaling for elbilar på riks- og europavegar innfører no Fjord1 betaling for elbilar på ei rekkje samband på vestlandet.

I Hordaland gjeld endringa for sambandet Halhjem-Sandvikvåg på E39.

– El-pristaksten er halv pris av ordinær køyretøypris, opplyser selskapet på si heimeside.

Nytter ein verdikort blir det gitt 50 prosent rabatt i tillegg, slik at elbilar ved bruk av verdikort betaler 25 prosent av ordinær køyretøypris. Også for elbilane er sjåfør inkludert i billetten.

Dette er i tråd med stortinget sitt vedtak som i fjor vedtok at nullutsleppsbilar ikkje skal betala meir enn femti prosent av det konvensjonelle bilar gjer når det gjeld bompengar, ferje og parkering.

Elbilsjåførar har allereie betalt på ferjene på fylkesvegnettet i to år, men no blir det altså innført på riks- og europavegar òg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.