Lokal | 23. mars 2017

Slutt for Solsiden

Solsiden har meldt oppbod og levert konkursbegjæring til skifteretten.

Slutt for Solsiden
Dørene stengjast på Solsiden (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 23. mars 2017 16:21

Torsdag ettermiddag sendte Tore Andre Sagstad ut ei pressemelding kor han orienterer om at Solsiden har meldt oppbod.

– Solsiden pianobar har hatt tøffe økonomiske utfordringar over ei tid, med redusert omsetnad og sviktande lønnsomhet.

– I desember måtte vi innskrenka opningstida for uteserveringa, noko som har forverra situasjonen. Styret har derfor kommet til at driften dessverre må opphøre.

Uteserveringa var oppvarma, med veggar og tak, og var i bruk heile året i heile opningstida.

• Les òg: Må stenga uteserveringa

– Solsiden har derfor i dag meldt oppbod og levert konkursbegjæring til skifteretten. Dette er veldig beklageleg, først og fremst for tilsette og gjestar.

Fleire år med negativt resultat

Det er selskapet Sagstad Drift AS som har drive Solsiden. Selskapet er eigd av Tore André (3 %) og faren Tore Magnar Sagstad (97 %).

– Vi er takksame ovanfor alle dykk som har funne vegen til Solsiden gjennom åra, skriv Sagstad i meldinga.

• Les òg: Startar pianobar

Omsetnaden første driftsår, i 2012, var på 5,8 millionar kroner. Underskotet var på 1,6 mill i oppstarten.

Året etter auka omsetnaden til 7 millionar kroner, og årsresultatet blei betra til 680.000 i minus.

Sidan har omsetnaden blitt redusert til 6,5 mill i 2014 og 5,4 mill i 2015. Årsresultatet har blitt noko betre, men Solsiden har ikkje hamna på plussida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.