Næringsliv | 11. aug. 2011

Slutt for videoen?

Os Filmsenter, som også driv bowlingen, fornyar ikkje franchisekontrakten i Irisgården. Norgesgruppen jaktar no etter ny drivar.

Slutt for videoen?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. aug. 2011 11:31

Bli varsla om siste nytt:
Følg Midtsiden på Facebook

Os Filmsenter AS fornyer ikkje leigekontrakten i Irisgården når den går ut 1. september i år. Kontrakten inkluderer bowlinghallen.

– Vi har eigarskap i fleire videokioskar i Bergen og ser at vi ikkje får brukt så mykje tid som vi vil i denne på Os, seier Knut Olsen på vegne av seg sjølv og kona Åse om videokiosken på Os.

Os Filmsenter flytta frå Os sentrum til Irisgården då Irisgården for mange år sidan blei rusta opp.

I nyare tid har Drageset, som eigde Irisgården, selt butikk-kjede og eigedomar til Norgesgruppen, og selskapet Os Filmsenter AS blei selt til Åse Gille Helle Olsen, kona til Forum Video-eigar Knut Erik Olsen.

Jobbar med å finna ny drivar

– Vi har vore førebudd ei stund på at Olsen kanskje ikkje ville fornya, og jobbar med å få nye drivarar, eller nye leigetakarar, inn i lokalet, seier Jarl Berentsen.

Berentsen jobbasom marknadssjef i Drageset og har etter salet til Noregsgruppen vore engasjert hos dei nye eigarane av blant anna Irisgården.

– Vi er sjølvsagt opptatt av at det skal vera vidare aktivitet i lokalet og håper vi finn nokon som kan driva vidare. Men vi jobbar også med fleire alternativ.

– Også bowling kan lønna seg

Bowlinghallen i bakkant av kiosklokalet var i ein periode på to år drive av Tony Wold, som med eige firma hadde ei deling av omsetnaden med Os Filmsenter.

– Eg var i full jobb ved sidan av, men brukte kveldar og helger, saman med nokre hjelparar, til å halda bowlinghallen i drift og på vedlikehald av maskiner og baner.

– Det kravde ein del, men omsetnaden blei etterkvart god nok til at det gjekk an å driva, seier Wold.

Å gå inn som sjølvstendig leigetakar av bowlinghallen ser han ikkje på som uaktuelt.

– Det kan bli interessant, dersom leigesummen blir rett, viss ikkje ser eg på risikoen som litt for stor for meg åleine.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.