Lokal | 05. juni 2018

To små får lov å selja øl

Formannskapet sa ja til Osøyro Kolonial og Bjørnafjorden Bryggeri.

To små får lov å selja øl
Osøyro Kolonial opnar i midten av juni. I dag fekk dei løyve til å selja øl. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. juni 2018 09:09

Både Osøyro Kolonial, som opnar butikk på Øyro i midten av juni, og Bjørnafjorden Bryggeri, som brygger i Os Næringspark, får lov til å selja øl over disk.

Søknadane blei samrøstes vedtatt, men ikkje utan at politikarane og administrasjonen fekk litt å undra seg over.

Osøyro Kolonial skal ikkje ha sitjeplassar, men søkte om løyve til også å servera.

– Skal dei ikkje ha bord eller stolar, men ønskjer å servera alkohol, undrast Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Ordførar Marie Lunde Bruarøy (H) sa at andre òg hadde undra seg over dette, og rådmannen viste vilje til å sjekka opp i dette på strak arm, og ville ringa til dagleg leiar og søkjar, Silja Døsen Moberg. Etter ei stund kom saksbehandlar Monica Totalnd opp i møtet og orienterte om dette - som ho sjølv hadde sjekka med jurist i Bergen.

Då ho fortalte at det handla om servering av mat, ikkje alkohol slik formannskapet trudde, braut latteren laus.

Også for Bjørnafjorden Bryggeri sin søknad blei det noko å stussa over, ein teknisk detalj om eit firmanamn, som etterkvart blei oppklart.

Redda av vedtak frå juni 2016

I juni 2016 vedtok kommunestyret nye retningslinjer for sal- og skjenkeløyve. Tidlegare var det berre opna for sal av øl i daglegvarebutikkar med eit visst utval.

Vedtaket om endring kom etter forslag frå Nils-Anders Nøttseter (MDG), eit forslag Terje Søviknes (Frp) var rask med å visa begeistring for. KrF var ske, og det kom eit historisk fellesforslag frå Frp og MDG.

KrF etterlyste ei meir offensiv haldning innan det å redusera rusmiddelbruken, i staden for å gjera alkohol stadig meir tilgjengeleg.

Ein lesar kommenterte saka på denne måten:

« … Spesialøl er ofte dyrere og vanskeligere å drikke i store mengder pga særegne smaker. Folk som drikker spesialøl er ofte erfarne voksne ølinteresserte og drikker vanligvis sakte og i moderate mengder. Det er heller ikke mer tilgjengelig enn i vanlige dagligvarebutikker, da det opereres med samme åpningstider som ølutsalg i dagligvaren.»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.