Næringsliv | 02. mars 2011

Små og store endringar

Slik blir nye-AMFI: Nye 2000 kvm, nye butikkar, nytt inngangsparti, ny heis og utvida parkeringsplass.

Små og store endringar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. mars 2011 20:59

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 6
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

For to veker sidan kom brakkene på plass, så kom maskinene rullande inn på parkeringsplassen på AMFI Os. Ny er byggearbeidet i gang, eit arbeid som blant anna skal resultera i at senteret blir utvida frå cirka 18.000 (inkludert Europris-bygningen) til over 20.000 kvadratmeter.

- Vi håper på ein straumlinjeforma og smertefri byggeprosess. At kundane raskt finn parkeringsplass, følgjer med på eventuell skilting og er tålmodig i denne fasen, seier senterleiar Anne Kristine Tøsdal.

Sjølv har senterleiinga og butikksjefane gjort sitt beste for å frigje parkeringsplassar medan nokre av desse blir opptatt grunna byggearbeid.

- Vi har fått låna parkeringsplassar hos gode naboar som Os Hagesenter og Banktjørnhaugen barnehage, sistnemte naturlegvis berre om laurdagen. Her står dei tilsette sine bilar medan dei er på jobb, så vi held flest mogleg plassar ledige.

Startar med spunting

Eigedomssjef i AMFI, Solveig Oksholm Hunhammer, hadde håpa på noko tidlegare byggestart, men fortel at grunnforholda gjorde at dette blei litt utsett.

- Leira senteret står på viste seg før jul å vera av litt annan sort enn venta, derfor måtte dei rekna litt på nytt og starta med å spunta. Metallplater blir banka ned i grunnen for å sikra massen eksisterande bygg står på, forklarar ho.

Ny innkjøring - nytt inngangsparti

Det publikum merkar først er sjølvsagt det avsperra området. Den delen av området nærmast Prestegardskogen skal opna for fotgjengarar, resten blir sperra.

I tillegg har innkjøringa til senteret, nordaustsida av bygget, blitt flytta nokre få meter. Denne innkjøringa blir permanent.

- Hovudinngangen skal også endrast og eksisterande inngang blir rive om ikkje så lenge. Men den skal vera i bruk også i byggeperioden, fortel Tøsdal.

Delar av tilbygget kjem til å baka inn eksisterande inngang, sånn at du kan gå inn og til høgre før Baker Brun, direkte til den store, nye Coop Extra, når tilbygget og butikken er klar.

Heis og parkering

Målet med ombygginga er å gje rom til Coop Extra. Samstundes blir parkeringskapasiteten utvida. Coop Extra erstattar Coop Prix, som rydda seg sjølv ut av senteret i august i fjor.

Coop Extra skal opna ein drygt 2000 kvadratmeter stor butikk i tilbygget 24. oktober i år. Nye parkeringsplassar kjem i full, ny kjellaretasje og på heile taket.

- Innkjørsla til taket frå Prestegardskogen blir naturleg og fin, utan særleg høgdeforskjell, seier eigedomssjefen.

Ei ny heissjakt blir del av tilbygget. Det kjem til å gå heis med fire stopp, parkeringa i den nye kjellaren, opp til inngangen frå gateplan, vidare opp til 2. etasje i senteret og til slutt opp til parkeringsplassen på taket.

- Vi kjem til å trekka frisørsalongen Ezzenz eit stykke inn i eige lokale for å laga passasje ut til heissjakta. Det å utvida frå ein til to heisar blir bra, både for rullestolbrukarar og dei med handlevogn eller barnevogn.

Fleire nye butikkar

I tillegg til Coop Extra kjem fleire nye butikkar. Nedlegging av Coop Prix gav rom for flytting av MX Sport. MX Sport sitt tidlegare lokale blir snart husa av to nye leigetakarar.

Torsdag 14. april opnar jernvarekjeden MEKK og Foss Ur & Smykker.

Musikkverket, som la ned for to dagar sidan, gjev lokalet sitt vidare til Fjord´n Blomster, som igjen ofrar sitt lokale til inngangsparti og kasseområde hos nye Coop Extra.

I 2. etasje står det framleis nokre ledige lokale, der Wistex heldt til og der VIC flytta frå då dei endra til reint herrekonsept i mindre lokale i same etasje tidlegare i år.

- Fjord´n Blomster kjem til å flytta på seg ganske raskt. Eg trur dei kjem til å gjera seg godt der Musikkverket var. I 2. etasje har vi ein del på gang, så det kjem nok meir nytt der òg om ikkje så lenge, seier Tøsdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.