Smeden si nye storstove

Johs Sælen & Sønn flyttar frå 400 til 2000 kvadratmeter når bygget i Hegglandsdalen er ferdig.

Kjetil Vasby Bruarøy
01. oktober 2011 - 10:30

Johs Sælen & Sønn AS har vakse seg ut av lokalet ved Vallabrua, der dei ikkje fekk løyve til å utvida.

No, etter litt fram og tilbake i det nye industriområdet i Hegglandsdalen, er det nye bygget deira i ferd med å reisa seg på den til saman 10,7 mål store tomta deira.

– I neste veke kjem veggane så om cirka ein månad bør bygget vera tett. Vi satsar på å vera i hus før jul, seier Bjørn Sælen.

Firedobla produksjonsareal

Det nye bygget er 60 meter langt, 26 meter breitt og 12,5 meter høgt. I tillegg til den 1560 kvadratmeter store produksjonshallen kjem eit kontorbygg på 400 kvadratmeter fordelt på to etasjar.

– Vi klarer oss fint med halvparten så vi kjem til å nøya oss med å innreia éin etasje i starten.

Stor vekst

Med auke på 119 prosent frå 2005 til 2008 hamna smeden på 329. plass på Dagens Næringsliv si liste over gasellebedrifter i Hordaland.

Frå 2008 til 2009 blei omsetnaden dobla igjen - på eitt år.

Les òg:
Gaselle dobla igjen

Mykje av veksten frå 9,5 til 19,5 millionar kroner stamma frå leveranse av venteskur til Bybanen.

– Men ikkje alt. Vi har fin auke og fleire spennande oppdrag å levera. Vi har også bestilt ei stor, ny maskin som ikkje liknar noko vi har frå før. Den står lagra til vi er klar med nyebygget.

Nye Bybane-oppdrag

Ny hall og ny maskin kjem til å koma godt med, i mars skal venteskur langs Bybanen mellom Nesttun og Lagunen monterast og Sælen har førebels ikkje starta produksjonen av desse.

– Vi ventar på teikningane og når dei kjem så får vi det travelt.

Han er også spent på neste trasé.

– Då vi fekk kontrakten på traseen frå Bergen til Nesttun fekk vi opsjon på Nesttun-Lagunen. Neste stykke, frå Lagunen til Flesland, er eit stort oppdrag.

– Dei er nøgde med leveransen frå oss så langt, men det blir spennande å sjå om vi får også det siste stykket, seier Bjørn Sælen.

Les meir om

Eigedom Næringsliv