Smertefull debut på Solsiden

Ny klubb i nytt lokale: Liverbirds Os har fått Solsiden som fast plass. Semifinalen mellom Liverpool og Chelsea skapte ein intens debut.

Liverbirds Os på Solsiden tysdag. Semifinalen mot Chelsea tok på nervene og Heine Østervold (i svart med nevane i vêret) var rasande på Diego Costa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. jan. 2015 16:17

Bildeserie:

– Sett bort frå resultatet og det stygge spelet så var det ein god kamp, synest Engevik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Liverpool har alltid hatt mange supportarar på sportsbarane i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Far og son Espen og Øystein. Tysdag dukka det også opp ein Chelsea-supporter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Søsknene Anette og Morten Øvrebø saman med Ronny Sivertsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Espen ba om rettferdighet. Det fekk han kanskje ikkje i denne kampen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Sett bort frå resultatet og det stygge spelet så var det ein god kamp, synest Engevik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Liverpool har alltid hatt mange supportarar på sportsbarane i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 5
Liverpool har alltid hatt mange supportarar på sportsbarane i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Far og son Espen og Øystein. Tysdag dukka det også opp ein Chelsea-supporter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Søsknene Anette og Morten Øvrebø saman med Ronny Sivertsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Espen ba om rettferdighet. Det fekk han kanskje ikkje i denne kampen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Sett bort frå resultatet og det stygge spelet så var det ein god kamp, synest Engevik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Han e'kje brukande te teinemat ein gong, sa Heine Østervold.

Liverbirds-medlemmet sikta naturlegvis til Diego Costa. Chelsea-spelaren, som blant anna sette knottane i leggen på Emre Can, har fått kritikk etter semifinalen som sløkte Liverpool sitt håp om finale i ligacupen.

Østervold hadde på førehand dessutan lova juling til Solsidens einaste Chelsea-gjest denne kvelden, Øystein Engevik.

«Uansett kven som vinn i dag så må du få pryl», fleipa Heine før kampstart.

Men Øystein, som er far til Liverbirds-formann Espen Engevik, slapp billig frå det.

– He, he! Vi tok oss av far, som sat einsam og smilte. Sett bort frå det stygge spelet, og resultatet, blei det ein kjekk kamp å sjå, synest Espen.

Ny supporterklubb

Supporterklubben Liverbirds Os blei stifta i desember. Etter at Os Biljard og Sportsbar sine nye drivarar kasta inn handkledet fekk klubben denne veka avtale med sportsbaren Solsiden.

Tysdag var første samling med klubben, og det blei ein intens førstekveld frå start til slutt.

– Liverpool har veldig mange supporterar, det har vore tydeleg på sportsbaren i næringsparken i mange år, ikkje minst i tida Hans Olav Sundøy dreiv den.

– Så blei vi ei lita kjerne som alltid var saman og såg kamp, som tok initiativ til å starta klubb.

Frå 9 til 46 medlemmar

På første møte i desember blei det sett ned eit styre på seks supporterar. Etter styremøtet var det kamp og etter kampen hadde klubben 26 medlemmar.

– No er vi oppe i 46, og eg trur det kjem til å auka på, seier styreformann Espen Engevik.

Blant fordelane med å laga klubb er rabattar i «klubblokalet», altså i sportsbaren, dekor på veggane og sjanse for å bli eit endå større miljø rundt kva kamp.

– Men vi kjem også til å driva med klubbverksemd, registrera oss i Brønnøysund, selja lodd, prøva å få til fellesturar og legendemøte. Det finst fleire Liverbirds-klubbar i Noreg, og nokre av dei driv veldig godt.

Vellykka arv?

Ei anna årsak til at Espen med venar ønska å starta klubb er at dei har inntrykk av at grunnlaget for rekruttering for tida er bra.

– Liverpool var ekstra store på 70- og 80-talet, men utover på 90-talet, parallelt med Ole Gunnar Solskjær sin innsats og gode sportslege resultat, fekk plutseleg ein annan klubb litt merksemd.

– Men no føler eg at fleire er på rett spor. Min eigen son Benjamin blei meldt inn i Liverpool sin supporterklubb då han var 2,5 timar gamal, fortel Espen stolt.

Om han går opp ein generasjon ser det ikkje like raudt og fint ut.

– Eg veit ikkje kva som gjekk gale, om det er ein medfødd feil eller om eg dunka han borti noko då han var liten, ler pappa Øystein, som altå er Chelsea-supportar.

– Det var kjøpmannen i Sævareid som meldte meg inn i supporterklubben til Liverpool då eg var fire år. Pappa søv nok i timen då eg var liten. Heldigvis har eg ikkje gjort same tabben sjølv, seier Espen.

Neste møte i Liverbirds Os er i morgon, laurdag. Då er det seriekamp mot WestHam.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.