Lokal | 05. mars 2015

Smilte heile vegen til banken

Krafttak mot kreft: Russen ved Os Gymnas knuste rekorden frå i fjor.

Smilte heile vegen til banken
Erik Kleppe (t.v.) og Mattias Lund Rød var blant dei som deltok på rekordinnsamlinga i går. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. mars 2015 13:44

Bildeserie:

Marit Vaktdal, Lene Tordal, Gina Victoria Myhre Gåssand og Sunniva Hadland Bøthun. (Privat foto)
Marit Vaktdal, Lene Tordal, Gina Victoria Myhre Gåssand og Sunniva Hadland Bøthun. (Privat foto)
Bjarte Halhjem lo heile vegen til banken - og i banken. (Privat foto)
Bjarte Halhjem lo heile vegen til banken - og i banken. (Privat foto)
107.000 i sedlar og 40.000 i myntar blei sett inn på konto i dag. (Privat foto)
107.000 i sedlar og 40.000 i myntar blei sett inn på konto i dag. (Privat foto)
1 av 3

Kan denne gjengen passera 100.000 kroner, skreiv Midtsiden måndag.

Fjorårsrussen samla inn 97.000 kroner, 20.000 meir enn tredjeklassingane i 2013. Årets kull stilte med fleire bøsser, nesten alle dei drygt 100 elevane deltok. Derfor hadde dei håp om å passera 100.000.

– Vi talte sedlane i går, til saman 107.000. I dag var vi i banken med sedlar og mynta, og eg har nettopp fått tilbakemelding med eksakt beløp, fortel Christoffer Hevrøy.

Russen ved Os Gymnas samla inn utrulege 146.125 kroner!

I tillegg kjem 3.600 kroner frå ein fest dei hadde i vinterferien til inntekt for aksjonen.

Rekord i Strøno

Totalt var 87 bøsser i sving i Os onsdag ettermiddag. Elevane hadde ein intern konkurranse om kven som samla inn mest.

– Ingrid Nordhus hadde 3.923 kroner på si bøsse. Ho gjekk i Strøno og var den av oss som samla inn mest.

Ny sjanse tysdag

Også elevane ved Os vidaregåande skule skal gå med bøsser.

Dei skal gå tysdag 10. mars.

– Vi på gymnaset ba alle gå i sitt eige nabolag. No kjem vi til å senda ei oversikt til Os vgs, sånn at dei har ein oversikt over kva område som ikkje er dekka.

– Det er mogleg at nokon får besøk frå begge skulane, men eg håper at vi klarer å gå til flest mogleg ulike så vi får dekka Os best mogleg, seier Hevrøy.

Os vgs, som stiller med færre russ og færre bøsser, samla inn 44.000 i fjor mot 23.000 året før.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.