- 05. jan. 2021

Smitterekord: 8 nye i Bjørnafjorden i går

Ordførar inviterer til pressekonferanse.

Smitterekord: 8 nye i Bjørnafjorden i går
Bjørnafjorden rådhus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. jan. 2021 09:31

Tysdag morgon vakna vi til «klampen i bånn» på VG sin smittetrend-indikator.

No er det stadfesta;

Åtte personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune i går, 4. januar.

Blant desse er det to smitta etter innreise frå utlandet og to frå ein annan kommune.

Førre smitterekord er frå 13. november, med 7 smitta på éin dag. Då følgde det fleire dagar med høge tal, med 5 smitta 15. november og tangering av rekord 16. og 18. november.

Sånn ser VG sin smittetrend-indikator ut i dag. (Skjermskot: VG)
Sånn ser VG sin smittetrend-indikator ut i dag. (Skjermskot: VG)

Dette er dei 8 som fekk påvist covid-19 i går, måndag 4. januar

Same husstand:
Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i annan kommune.
Gut,12 år: Smitta av nærkontakt i annan kommune.

Same husstand:
Jente, 7 år: Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden kommune.
Gutt, 5 år: Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden kommune.

Andre:
Kvinne i 30-åra: Påvist i samband med innreise frå utlandet.
Mann i 40-åra: Påvist i samband med innreise frå utlandet.
Kvinne i 60-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden kommune.
Jente, 16 år: Kjend smitteveg.

Alle nærkontaktar er varsla og sett i karantene.

Ordførar Trine Lindborg vil saman med kommuneoverlege Klaus Melf orientera pressa nærmare om situasjonen frå klokka 11.15 i dag.

Midtsiden kjem tilbake med meir.

Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no

Totalt smitta: 114
4. januar: Åtte nye smitta.
3. januar: Kvinne i 30-åra og hennar 1 år gamle born. Smitta av nærkontakt.

2020 haust (10. august til 31. desember): 89 smittetilfelle
2020 vår (11. mars til 14. april): 15 smittetilfelle
Totalt i 2020: 104.
Sjå liste over alle

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.