Kultur | 21. juli 2014

Snadder frå kontinentet

Under Osfest blir det rikeleg tilgang på delikatesser i Os sentrum.

Italienske råvarer er godt representert. Her frå marknaden i Os i 2012. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. juli 2014 07:01

Torsdag i neste veke kjem European Market til Os igjen.

Siste gong matprodusentane frå kontinentet besøkte Os var i 2012 (sjå bildeserie), i år stiller dei ut i Os frå torsdag til laurdag under Osfest.

European Market byr på alt frå fransk, nederlandsk, italiensk og engelsk ost til italienske delikatesser som parmaskinke, olivenolje og honning, spansk paella, tysk grill, franske crepes og vaflar og marokkansk couscous.

Non-food og nyhende

– Vi har også med utstillarar som sel anna enn mat, som treskjæring, såpe frå Marseille, hanvesker, smykker og skjerf, fortel arrangør Olivier Simonin.

Nye produkt er det også i årets europeiske marknad.

– Eg kan nemna engelsk fudge, belgiske makroner bakt på staden, siciliansk blautkake, motesmykker frå Paris og vakre, tyske hageartiklar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.