Kultur | 03. feb. 2013

Snakk om hjarteknusar!

UKM 2013: Idar Rolland imponerte med stødig pianospel og sjarmerande song for Fusa på UKM i Oseana laurdag.

Årets hjarteknusar: Idar Rolland frå Fusa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. feb. 2013 07:53

Laurdag var det kulturmønstring i Oseana for ungdom frå Os og Fusa.

Les òg: UKM på 18 minutt (med video)

Fusa stilte med 10 sceneinnslag og éin film.

Først ut blant fusingane var 11 år gamle Natasja Smørholm som spelte gitar og song Janis Joplin-låta Jolin med skikkeleg trøkk.

Natasja var blant dei som gjekk vidare til fylkesmønstringa, det same var det unge, lovande stortalentet Idar Rolland, som spelte piano og song Hjerteknuser og Me and my hope.

Idar gjekk vidare med låta Hjerteknuser.

Regissør Sverre Kvamme takka for at fusingane fekk koma til Oseana igjen og snakka om ei bygd i sorg etter den tragiske dødssulykka i Fusa i førre veke før han fortalte kort om filmen sin, som handlar om naboen hans, Knut, og at hovudpersonen sjølv sat i salen.

Andre som gjekk vidare frå Fusa er:
• Legal Words
• Hanna Øygard
• Elen Ekeberg Klippen
• Sverre Kvamme/Strandvik Film

ALLE INNSLAGA FRÅ FUSA:

• Natasja Smørholm - Jolene
• Elen Klippen - Nøringen
• Idar Rolland - Me and my hope og Hjerteknuser
• Irmelin Lemin Lygre - Gymnopedie no. 1
• Hanna Øygard - Vårsang
• Legal Words (Dag Tore Markhus, Even Bakke, Helene Riise, Joachim Brekke Tveit og Runar Hamre Sandvik) - When you're gone og Dear John
• The Band (Runar Hamre Sandvik, Anni Berge, Even Bakke, Jon Istad, Jonas Kvåle og Sondre Dale Alvheim) - All day and all of the night og Boulevard of broken dreams
• StrandvikFilm - Knut

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.