I dag starta elektrikarane monteringa av ladepunkta på veggen til rampa opp til Oseana (foto: Andris Hamre)

Snart kan du lada med solstraum

Frå hausten kan gjestane på Oseana få lada elbilen med straum frå Oseana sitt eige solcellepanel.

image
image
Av: Andris Hamre

I dag starta arbeidet med å montere fire ladepunkt på parkeringa ved Oseana.

– Det går nok litt tid før alt er klart. Vi har ein plan om å ha dei fire ladepunkta klare til vi startar haustprogrammet, fortel Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg.

Oppføringa av dei fire ladepunkta er eit samarbeid mellom Oseana, Os kommune og Hordaland Fylkeskommune.

– Dette er jo ein del av den klimasatsinga vi held på med. Då er det jo heilt naturleg at gjestane våre skal få lada elbilen sin medan dei er på ei framsyning.

– Det er jo litt artig å kunne seie at dei får lada bilen med straum frå det 540 kvadratmeter store solcellepanelet som dekkjer fasaden vår, men gjestane treng ikkje vera redde om det skulle bli dårleg vêr, vi nyttar vanleg straum også, smiler Lindeberg.

To pluss to ladarar

Oseanadirektøren fortel at det blir totalt fire ladepunkt.

– To av dei vil vera gratis for gjestene og gå med ei litt lågare spenning. Dei to siste blir hurtigladarar der ein må betala for å lade.

– Vi kjem også til å legga opp til ei tidsbegrensing av bruken, slik at ikkje folk står der permanent. Desse er trass alt først og fremst for gjestane som vitjar Oseana.

I tillegg til å montere ladarane skal muren opp mot Oseana malast grøn for å synleggjera miljøprofilen til huset enno tydelegare.

Fleire saker