Lokal | 09. mai 2015

Snart kan «svogeren» koma på besøk

Då gamlekaien var nyare var Lehmkuhl innom og besøkte Michelsen med seglskuta. – Målet er at den nye kaien skal bli så lekker at du nesten ikkje ser den, seier Børrea.

Denne veka blei den 98 år gamle kaien til Solstrand hakka i betar og fjerna. No skal ny, 40 meter lang kai byggast. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. mai 2015 07:30

Bildeserie:

Omtrent sånn skal den nye, 40 meter lange kaien bli.
Den gamle kaien var bygd i 1917. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I tillegg til Trym II er Balder med i byggeprosessen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Omtrent sånn skal den nye, 40 meter lange kaien bli.
Den gamle kaien var bygd i 1917. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3
Den gamle kaien var bygd i 1917. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I tillegg til Trym II er Balder med i byggeprosessen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Omtrent sånn skal den nye, 40 meter lange kaien bli.

Fredag 1. mai kom arbeidsflåten Trym II til Os. Dagen etter var Balder på plass.

– Dei to skal brukast til bygginga av ny kai på Solstrand. Trym II skal bora, Balder skal grava vekk massene, fortel Gunnar Takle Pedersen frå Norconsult.

Han har hatt ansvar for prosjektering og konstruksjonsteknikk, mens det er Skanska som står for bygginga.

– Enkelte stadar utanfor kaien er det berre 5 meter djupt. Vi skal ned på 8 meter langs heile kaien.

Sterk 98-åring

Denne veka blei den gamle kaien frå 1917 riven.

– Den var svært robust bygd, det var som ein bunkers. Men den blei knust i betar og no er det klart for bygging.

Før fellesferien skal grovarbeidet med ny, 40 meter lang kai vera ferdig.

Det er 6 søyler som skal forankrast til sjøbotnen. Vidare er det 6 bjelke-element, 5 dekke-element og 5 front-element som skal utgjera den nye kaien.

Planen er at desse skal monterast i juni.

Verdt å venta på

Børrea Schau-Larsen frå Solstrand Hotel og Bad ser fram til endeleg å få seg ein god nok kai.

– Eg hadde eit ønskje om at dette skulle gjerast i vinter, men eg forstår at entreprenør føretrekk å styra unna vinterstormane.

– No skal det mest støyande arbeidet gjerast første veka. Uansett får vi tola litt når vi etter nesten 100 år skal få ny kai.

Ho har lenge jobba med å få utbetra hamnefasilitetane ved hotellet, og prosessen har vore krevjande.

– Den vesle, gamle kaien har ikkje eigna seg til dei gjestane vi ønskjer å ta imot. Båtar som Hardangerfjordekspressen legg jo til land med passasjerar til og frå Rosendal, men eg får høyra det, «skal du ikkje snart få deg ein skikkeleg kai», seier Børrea.

– Dessutan er det fleire andre skip vi kunne tenkt oss å ta imot. For oss som driv næring ved sjøen er det heilt naturleg å ønskja god tilkomst også frå båt.

Så kan Statsraaden koma tilbake

Med ny kai kan Solstrand endeleg også få Statsraad Lehmkuhl på besøk igjen.

– Den er her jo av og til, men då må passasjerane over i lettbåtar for å koma inn på hotellet. Det er mange år sidan sist den låg til land, den gamle kaien tilfredsstilte ikkje dagens krav.

Den stolte seglskuta er oppkalla etter Kristofer Lehmkuhl (1855-1949), som tok initiativ til å få båten kjøpt til Noreg i 1923.

Kristofer var svogeren til Christian Michelsen (1857-1925), som bygde hotellet Solstrand i 1896.

Lekker = lite synleg

– Vi er veldig opptatt av at Solstrand skal vera like vakker når kaien er ferdig. Svaberga ned mot sjøen er urørte i og etter byggeprosessen, sett vekk frå den midlertidige anleggsvegen som seinare skal bli til ein diskret og praktisk veg for rullestolbrukarar.

Kaien får, i tillegg til større lengde og betre djupne, ein meir praktisk vinkel i forhold til land.

– Design og materialbruk er også viktig for at kaien skal bli minst mogleg synleg for dei som kjører båt forbi, seier Børrea Schau-Larsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.