Lokal | 16. sep. 2019

Sniglar og elefantar i biblioteket

Kulturminnedagane: Laurdag fekk små og store oppleva lokale bøker i levande live.

På laurdag inviterte Kulturminnedagane til lesestund på Os folkebibliotek. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 16. sep. 2019 12:33

Bildeserie:

Lesestund i biblioteket. (Foto: KOG)
Vidar Bratlund Mæland las om «Romsnigelen». (Foto: KOG)
Lesestund i biblioteket. (Foto: KOG)
Bjørn Terje Bøe las boka «Det er ein elefant i barnehagen». (Foto: KOG)
Og engasjerte store og små. (Foto: KOG)
Lesestund i biblioteket. (Foto: KOG)
Vidar Bratlund Mæland las om «Romsnigelen». (Foto: KOG)
1 av 5
Vidar Bratlund Mæland las om «Romsnigelen». (Foto: KOG)
Lesestund i biblioteket.  (Foto: KOG)
Bjørn Terje Bøe las boka «Det er ein elefant i barnehagen».  (Foto: KOG)
Og engasjerte store og små.  (Foto: KOG)
Lesestund i biblioteket.  (Foto: KOG)

Den siste veka har vore prega av eit ekstra godt kulturtilbod i Os.

Det heile starta laurdag 7. september med Handverksdag og Oselvarfestival, og gjennom åtte dagar har det vore lansering av Os-ordspelet, kajakkpadling og ope hus, historiske leikar og internasjonalt måltid på Lyngheim.

Søndag vart Kulturminnedagane avslutta med dobbelkonsert med jazz-stjerna Marius Neset. (Midtsiden kjem med eiga sak frå den siste konserten)

Dobbel leseglede

På laurdag var det tid for lesestund i Os folkebibliotek.

Arrangørane hadde invitert dei to lokale forfattarane, Vidar Bratlund Mæland og Bjørn Terje Bøe til å lesa høgt for vaksne og ungar.

Mæland er aktuell med boka «Romsnigelen», og Bøe hadde med seg boka «Det er ein elefant i barnehagen».

Dansande bokstavar

Ein fascinasjon for brunsniglar og verdsrommet ligg bak den siste boka til Mæland.

Saman med assistenten og dottera, Oda, tok han publikum og ein snigel med til verdsrommet - og attende.

Mæland var dørgande ærleg på kva for ei utfordring det er å ha dysleksi, og skulle lesa høgt frå ei bok.

– Av og til hoppar orda litt og byter plass, men saman skal vi koma oss gjennom boka saman.

Om Mæland sine planar og ambisjonar held vatn vil det etterkvart gå ein rakett frå Solbakkestova og ut i verdsrommet etterkvart. Med ein lokal brunsigel som astronaut.

BRRRROOOOOOOIIIIIIP!!!!!!

Bøe gav i 2016 ut boka «Det er ein elefant i barnehagen».

I helga fekk publikum i biblioteket vera med på å prøva å løysa mysteriet med den rare lyden som dukkar opp i barnehagen. Karakteteren Maren i boka, er sikker på at det er ein elefant når ho fleire gonger høyrer lyden «BRRRROOOOOOOIIIIIIP!!!!!!».

Dei vaksne er på si side, sikker på at ikkje finst elefantar i barnehagen.

Bøe hausta stor applaus frå dei frammøtte då han til slutt kunne konkludera med at, ja, det er ein elefant i barnehagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.