Lokal | 03. mai 2019

Snø - to veker før 17. mai!

Også i neste veke kan det bli kvitt på bakken.

Snø - to veker før 17. mai!
Bødalen sett frå Hatvikvegen i dag. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. mai 2019 07:31

Bildeserie:

Møsnuken sett frå Eidsvegen. (Foto: KOG)
Møsnuken sett frå Eidsvegen. (Foto: KOG)
I trafikken har det gått fint. (Foto: KVB)
I trafikken har det gått fint. (Foto: KVB)
Her skal vi feira 17. mai om to veker. (Foto: KVB)
Her skal vi feira 17. mai om to veker. (Foto: KVB)
I dag håper Paul Hans Sælen å få selt dei siste snømokene. (Foto: KVB)
I dag håper Paul Hans Sælen å få selt dei siste snømokene. (Foto: KVB)
1 av 4

Fredag morgon 3. mai var det snø på bakkane og trea i låglandet i Os og Bergen.

Vegvesenet gjekk i morgontimane ut og ba trafikantane vera varsame, ei lita veke etter at piggdekkforbodet sette inn, men ifølgje BT har det ikkje vore meldt om trafikkuhell i morgontimane.

Heller ikkje politiet i Os har fått inn melding om problem i trafikken.

På Facebooksida «Trafikkmeldinger Fanafjell» var det tett med rapportar og spørsmål i morgontimane - og gode svar å få:

«Våt asfalt, 1 grad. Ingen problem kl 05.45 på sommerdekk.»

Meir snø i vente?

Temperaturen i Os gjekk frå 19 til 9 gradar frå tysdag til onsdag 1. mai. I natt var den rundt null, og temperaturen skal halda seg under 10 gradar ei veke fram.

Det er meldt sol fredag og laurdag, med 1 plussgrad natt til laurdag. Søndag er det meldt regn og 4 til 6 gradar.

Det skal letta over helga, men med fare for sludd onsdag og snø natt til neste torsdag.

• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på Pent.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.