Lokal | 12. mai 2020

Snødekte bilar 12. mai

Korleis er meldingane for 17. mai?

Snødekte bilar 12. mai
Eit smil i ein snødekt bil i Os sentrum i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. mai 2020 07:16

Tysdag morgon 12. mai snødde det tett i Os. Snøen la seg på bakkar og bilar, men smelta fort i sola.

Mange blei nok overraska, sjølv om det i fjor kom meir snø i mai, rett nok ei god veke tidlegare (3. mai).

Sånn såg det ut på Bø 3. mai i fjor. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Sånn såg det ut på Bø 3. mai i fjor. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Søndag skal vi feira grunnlovsdagen. Det er lagt opp til ei direktesendt videomarkering frå Oseana, men både dei som skal køyra konvoi rundt Øyane, dei som skal i kortesje med Os Amcar Club og andre som vil utandørs denne dagen - håper nok på fint vêr.

Foreløpig er det meldt ein våt formiddag, men opphaldsvêr og sol frå klokka 12 og ut dagen.

Temperaturen er venta å ligga på 8-9 gradar.

Yr melder 4 m/s vind frå vest, Storm melder 8 m/s frå nord.

Nedbør heile 16. mai

Denne veka får vekslande vêr. Resten av dagen i dag, og onsdag, blir solrik, men med berre 6-7 varmegradar.

Torsdag kan det koma ei byge på morgonen, fredag er det venta regn om morgonen og kvelden, men sol midt på dagen.

Laurdag 16. mai skal det regna samanhengande frå morgon til kveld - ifølgje langtidsvarselet.

I neste veke er det meldt sol og over 10 gradar frå måndag til onsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.