Snøen skapar problem i trafikken - full stopp i Rødsliane
OPPDATERT: Trafikken byrjar å rulla i retning Os igjen.
Det store snøfallet i dag byrjar no å prega trafikkbildet.
Bergen lufthavn er allereie stengt, og i følgje BT.no står køane på E16 inn mot Bergen frå Trengereid til Vaksdal.
Klokka 17.49 meldte Vegtrafikksentralen vest på Twitter at fleire bilar no står fast i Hegglandsdalen på Fv 579.
Vegtrafikksentralen skriv vidare at fleire bilistar truleg har vald denne vegen for å unngå køane rundt Trengereid.
Ein Midtsiden-lesar på staden fortel på telefon at ein bil slit med å koma seg opp Rødsliane, og at dette no skapar kø inn mot Rolvsvåg.
For å toppa det heile seier entreprenørane, som står for brøytinga, no til Vegtrafikksentralen at dei slit med å koma seg fram grunna mykje trafikk og smale vegar.
OPPDATERT:
Midtsiden-redaktør Kjetil Vasby Bruarøy har sjølv stått i kø ved botnen av Rødsliane, men fortel at rundt klokka 18.30 skal trafikken ha byrja å bevega seg igjen.
– Det er nullføre, men bilar på veg ned Rødsliane viser omsyn til den tette trafikken opp mot Rød, seier Bruarøy.
Klokka 18.13 meldte Vegtrafikksentralen vest at Fv 579 ville bli stengt frå Hisdal. Entreprenør skulle då køyra frå Samnanger for stoppa trafikken som ville inn på vegen.