Lokal | 03. mai 2013

Snøkaos i mai

Oppdatert kl 10.51 - Vallaheiene open igjen. Fredag morgon er Vallaheiene stengt og det er glatt over Fanafjellet.

Snøkaos i mai
Utforkjøring på Kalandseid/Kismul i dag. (Lesarbilde) 
Andris Hamrefredag 03. mai 2013 06:32

Hordaland Politidistrikt meldte på Twitter klokka 08.26 at E39 over Vallaheiene er stengt.

– E39 Vallaheiene er stengt grunna dårlege kjøreforhold. Omkjøring rundt Hamreveien, skriv politiet.

Ein Midtsiden-lesar melder også om vanskelege køyretilhøve over Fanafjellet.

– Ikkje forsøk det på Fanafjellet utan piggdekk og firehjulstrekker, er anbefalinga der.

Yr.no melder at nedbøren vil helde fram til i 14-tida fredag, temperaturen vil halda seg mellom 1 og 6 varme(!)grader.

klokka 10.51 melder politiet at Vallaheiene igjen er opna for trafikk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.