Lokal | 08. mars 2010

Snøras i Øvredal

Eit snøras sperra i formiddag Øvredalsvegen. Brøytemannskap rykte ut for å rydda.

Snøras i Øvredal
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. mars 2010 10:49

Bildeserie:

1 av 1

I 11.40-tida kom meldinga om snøras i Øvredalsvegen.

- Slik eg har forstått det er vegen sperra av snø. Raset skal ha gått ved Øvredalsvatnet, seier Birger Holmefjord, teknisk vakt i Os kommune til Midtsiden.no.

Politiet hadde ikkje høyrt om raset då Midtsiden.no tok kontakt, men ringte opp igjen seinare.

- Det skal ikkje vera mistanke om at nokon er skadd i raset og det skal ikkje vera behov for at vi rykker ut til staden seier politibetjent Christine Grinstein.

- Fem meter langt
Det var Jimmy Øvredal, som hadde vore på Os ein tur, som meldte frå om raset.

- Eg kom meg ikkje heim. Cirka fem meter av vegen var full av snø, fortel Jimmy om raset som gjekk i formiddag ein gong.

- Men kommunen var lynrask på plass så no er vegen nesten ferdig rydda, fortel han i 13.15-tida.

Raset gjekk ved nedste del av Øvredalsvatnet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.