Fotball | 23. okt. 2020

Snudde bortekampen - «mista» laurdagskampen

Os junior tar imot Åsane i kveld.

Snudde bortekampen - «mista» laurdagskampen
Kristoffer Røttingen reduserte til 2-1 i 75. minutt. Så kom det eitt mål per 5. minutt til kampen var over. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. okt. 2020 07:57

Os G19 hamna under 2-0 borte mot Bjarg tysdag, etter straffe i 15. minutt og skåring i 60. minutt.

Men så starta snuoperasjonen.

Kristoffer Røttingen sette inn 2-1 i 75. minutt, Elias Heggland Myrlid, som skåra 5 mål i 1-6-siger over Gneist i førre bortekamp, gjennomførte nok eit hattrick og sikra sigeren.

Elias har skåra ekte hattrick i to bortekampar på rad. (Foto: KVB)
Elias har skåra ekte hattrick i to bortekampar på rad. (Foto: KVB)

Bjarg - Os 2-4 (1-0)
Målskårarar, Os: Kristoffer Røttingen og Elias H. Myrlid 3
Tropp og kampfakta på fotball.no

Mens A-laget og Os 2 mista årets sesong, grunna korona, har fleire av dei yngste frå seniorfotballen fått boltra seg i 1. divisjon junior.

Kampane har hatt godt publikum, og til neste kamp var det kanskje duka for ekstra mange, då denne var sett opp ein laurdag ettermiddag.

– Kampen er framskynda, så den blir i kveld. Vi håper på godt publikum likevel, seier hjelpetrenar Ivar Johannessen.

Os tar imot Åsane fredag, med kampstart 18.30.

Åsane ligg på 5. plass på tabellen for 1. divisjon etter å ha tatt 12 poeng på 7 kampar.

Os ligg på 8. plass av 12 lag etter 7 poeng på 6 kampar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.