Snudde bortekampen mot Sandviken

Etterlengta siger til Lysekloster.

Tim Nilsen skåra to av Lysekloster sine tre mål i dag. Her heime mot Fyllingsdalen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. sep. 2021 17:35

Lysekloster tok sin første siger på seks veker då dei i dag slo Sandviken på bortebane.

Men vertane, som stilte med dei tidlegare Lysekloster-spelarane Szymon Walczak og Eskild Haugland Båsen frå start, skåra det første målet.

– Det blei ein tøff start for oss. Håvar Kleppe blei skadd i oppvarminga, men starta, blei sparka på skadestaden og måtte ut etter seks minutt. Og så, etter ti minutt, kom det mål imot, fortviler Ruben Hetlevik.

No er han nøgd med korleis spelarane takla det å hamna under.

– Spesielt når vi har vore i motbakke ei stund, og denne veka har brukt tid til analysar og avklaringar over tre spelarmøte, var det godt å sjå at dei ikkje ramla frå kvarandre trass ein litt trøblete start.

Lysekloster utlikna i 59. minutt og skåra to til før kampen var over.

– Samla sett er det kanskje den kampen vi har dominert mest denne sesongen. Vi hadde ballen omtrent 90 prosent av tida, det handla berre om å leita etter opningar.

– Det klarte vi heldigvis å skapa etterkvart.

Sandviken - Lysekloster 1-3 (1-0)
Målskårarar, Lysekloster:
Tim Nilsen (1-1 og 1-3) og Håvard Oppedal Rinde.
Tropp og detaljar på fotball.no

Tim Nilsen er no oppe i 6 mål, 1 mål bak Roger Ekeland (Os), 3 mål bak Vital Kaba (Frigg) og 6 mål bak Elias Heggland Myrlid (Brann 2) på toppskårarlista i 3. divisjon avdeling 4.

Lysekloster speler neste kamp heime mot Ready laurdag om ei veke (frå kl 14).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.