2-1: Andrine B. Kvittingen blir gratulert av Agathe Lekven. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
2-1: Andrine B. Kvittingen blir gratulert av Agathe Lekven. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Snudde tøff kamp mot Voss

Juniorjentene til Os/Nore Neset med sterk siger på heimebane.

Kjetil Vasby Bruarøy
11. september 2020 - 10:17

Mens det framleis er usikkert om seniorfotballen under toppnivåa kjem i gang i haust, er barne- og ungdomsfotballen i full gang.

På gutesida har Os G19-1 starta sesongen med 4-4 mot Nymark, men fått tøff motstand og tapt 1-9 for Fyllingsdalen og 1-4 for Nordhordland. Neste runde i 1 divisjon går borte mot Fana.

Lysekloster G19 speler i 2. divisjon og har spelt éin kamp. Heimemot Austevoll blei det 4-3-siger.

Os 2 G19 speler i 3. divisjon. Dei har spelt to kampar og tapt begge. Mot Vestsiden-Askøy blei det 2-5, borte mot Gneist 3 blei det 9-0.

Jentene fekk smaka sin eigen medisin

Dei yngste i damestallen til Os/Nore Neset utgjer J19, og har fått ein god start på sesongen. I serieopninga blei det 1-0 over Åsane, i går tok dei imot Voss.

– Vi visste at Voss har eit godt lag med juniorjenter, og førebudde oss på å gå rett i angrep, om det var vi som starta med ballen, fortel Ørjan Sandal.

Han trener damene og juniorjentene saman med Stian Kvåle.

– Men det var Voss som fekk avsparket, noko ikkje alle fekk med seg. Jentene var nok dessutan så gira på planen vår at dei nærmast automatisk gjekk rett i angrep - sjølv om vi ikkje hadde ballen.

Voss var kontant, kom seg gjennom Os-forsvaret etter ti sekund, og etablerte eit press som førte gjestane opp i 0-1-leiing etter berre tre minutt.

Os/Nore Neset - Voss: 2-1 (1-1)
Målskårarar, Os: Nora B. Nøss og Andrine Brunvatne Kvittingen
Os/Nore Neset: Lotte Solholm, Helene Søviknes, Anna Rød, Thale Strønen Skeie, Kine Ullensvang Moland, Gjertrud Toppe Håvardstun, Tuva Søreide Solberg, Lenea Hjelle Fløysand, Inger Christine Zhen Foldrup, Andrine Brunvatne Kvittingen og Agathe Cöllestine Lekven.
Innbytarar: Hedda Stamnes Lindbom, Nora Blindheim Nøss, Tuva Berge og Karoline Krukhaug.

– Ein forrykande omgang

Resten av første omgang heldt fram med høgt tempo.

– Det blei mykje fin fotball av begge lag. Ein erfaren og god dommar la lista høgt, så det blei få brot i spelet, skryter Sandal av dommar Bjørn-Ketil Johnsen.

Nora Blindheim Nøss utlikna til 1-1 etter litt klabb og babb i boks på corner. Nora la òg opp til 2-1-skåringa til Andrine Brunvatne Kvittingen på tampen av kampen.

Nora B. Nøss sto for utlikninga og hadde assist på 2-1-skåringa. (Foto: KVB)
Nora B. Nøss sto for utlikninga og hadde assist på 2-1-skåringa. (Foto: KVB)

– Voss hadde eit lite overtak, men eg følte meg trygg på at dette tempoet var noko vi fysisk ville tola å halda ut betre enn Voss. Og eg fekk rett.

– Voss var slitne då vi kom i gang igjen etter pause, og andre omgang dominerte vi.

Os hadde fleire sjansar på slutten av kampen, Voss hadde ein corner der ballen gjekk gjennom heile boksen utan at nokre av laga fekk touch på ball. Kampen enda 2-1.

– Det var ein veldig god kamp av jentene. Av ting som kan bli betre er duellspelet og det å vera bestemt i boks. Det er greit å leia 2-1, men vi burde fått oss ei skåring eller to til, for vi var ikkje på trygg grunn før dommaren bles av, seier Sandal.

Neste kamp går borte mot Fyllingsdalen tysdag, neste heimekamp går fredag 25. september (kl 19) mot Stord.

Under ser du fleire bilde frå kampen (synleg for pålogga abonnentar):

 

Les meir om

Fotball Os dame Os junior