Kultur | 17. jan. 2018

– So you think you can synga og dansa?

Videokavalkade og liste over påmeldte: I dag er det 11 dagar til påmeldingsfristen til årets UKM går ut.

– So you think you can synga og dansa?
Zofia Konieczka gjekk vidare til fylkesmønstring i fjor. Ho skal spela ukulele i år òg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. jan. 2018 10:49

Årets UKM for ungdom (frå 13 til 20 år) frå Os og Fusa blir arrangert i Oseana laurdag 3. februar.

Sjå video frå 2012-2017 nedt i denne artikkelen.

Påmeldingsfristen er søndag kveld 28. januar. Sjå òg: UKM.no/fusa-os

– Mesteparten av påmeldingane kjem dei siste to vekene. Vi har allereie 14 ulike bidrag frå 16 ulike ungdomar, fortel Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga i Os kommune.

Sjå liste over alle påmeldte til no lengre nede i artikkelen.

– Førebels har vi berre seks sceneinnslag, så eg håper vi får inn mange fleire, og at dei som kjenner nokon som er flink til noko, anten det er song, å spela instrument eller å teikna noko som kan stillast ut, at dei støttar og oppmodar dei til å bruka dette arrangementet til å dela med andre og til å få erfaring.

Idol, Instagram eller UKM?

– Dagens ungdom får rikeleg med kultur i alle kanalar, i tillegg er det stadig lettare å dela sine bidrag med andre.

– Ikkje berre kan dei sjå på eller delta i konkurransar som Norske Talenter, Idol, The Voice og «So you think you can dance», dei kan dela sin eigen song eller sin eigen teikning på Instagram, Youtube eller Facebook.

Det er likevel éin ting UKM kan by på, som du ikkje får digitalt:

– Her får du både ein god teknisk produksjon, vi kan skaffa godt akkompagnement og då får eit fint, levande publikum.

– Men viktigast av alt, du får erfaring! Lista er lang over kjente artistar som starta karriera si på UKM. Lokalt i Os kan eg nemna Eirik Søfteland og Aurora. Dess betre erfaring du har, dess lettare vil du klara deg om du éin dag skal delta i konkurranse på TV eller om du blir «oppdaga», og brått skal spela konsert for større mengder.

• Les òg: Desse er vidare frå årets UKM (2017)

Dei første påmeldte

Som tidlegare år, og som i andre kommunar, er det få deltakarar som melder seg på i desember.

I år gjekk det òg litt roleg for seg dei første vekene i januar.

– Her fekk vi god hjelp av UROF (nystarta «Ung rock i Os og Fusa»). Dei har no hatt to arrangement med band frå Os, Fusa og Åsane, og med over 70 publikummarar, nokre av dei var tilreisande heilt frå Osterøy.

– På førre arrangement, som var i Fusa no på nyåret, kom det òg inn fleire påmeldingar til UKM.

Her er dei første som er påmeldt til årets UKM:

MUSIKK
Frida Solheim
Kristina Andreasson Dale (vokal), Frida Solheim (piano) og Zofia Konieczka (ukulele)
Miriam & Frida (Miriam Sundfjord og Frida Solheim)
The Blooming Bruises (Benjamin S. Austestad, Einar Andersen, Håkon Markhus, Jørgen Hovden og Tobias Rysjedal)

DANS
Amara GC (Angel Huynh, Malena Øpstad Offerdal, Oliwia Sakowska og Zofia Konieczka)
Johanne Svendal Os

UTSTILLING
Lilly-Mae Grønvigh
Marie Steinum
Zofia Konieczka

KONFERANSIER
Jørgen Andreas Hovden
Tuva Baggen

ARRANGØR
Frida Solheim
Hrafn Hlynsson
Lilly-Mae Grønvigh

Det er førebels ingen påmeldt innan teater, litteratur eller film.

Video av UKM - 7 år å rad

Midtsiden har filma alle deltakarane under alle UKM sidan 2012. Her kan du bla tilbake på tidlegare bidrag.

Sjå video frå UKM 2012

UKM Os og Fusa 2012 from Midtsiden on Vimeo.

Sjå video frå UKM 2013

UKM 2013 from Midtsiden on Vimeo.

Sjå video frå UKM 2014

UKM Os og Fusa 2014 from Midtsiden on Vimeo.

Sjå video frå UKM 2015

UKM i Os og Fusa 2015 from Midtsiden on Vimeo.

Sjå video frå UKM 2016

UKM 2016 from Midtsiden on Vimeo.

Sjå video frå UKM 2017

UKM 2017 Os og Fusa from Midtsiden on Vimeo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.