Kultur | 27. aug. 2011

Søfteland best i Bergen!

Søfteland Rock N LoL er kåra til Bergens beste festival. – Vi har mange å takka, seier Andreas Lindborg.

Søfteland best i Bergen!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 27. aug. 2011 06:42

Midtsiden samleside: Søfteland Rock N LoL

ORBO & The Longshots og Søfteland Rock N LoL var blant dei nominerte, i kvar sine kategoriar, til å bli kåra til vinnar i Bergens Tidendes kåring; Bergens beste.

Fredag blei dei vinnarane av dei fem første kategoriane publisert, og ORBO blei slått av John Olav Nilsen & Gjengen.

Laurdag kom BT Magasinet med fleire vinnarar. I konkurranse med Festspillene, Bergensfest, UKEN og BIFF stakk to brødre, som i 2007 starta ein liten festival i hagen til foreldra, av med sigeren.

– Det er heilt utruleg, vi blei kjempeglade og ser på dette som ei stor ære, seier Andreas Lindborg.

Les meir om Bergens beste på BT.no.

Fredag kveld var BT på Søfteland med diplom til Andreas og broren William.

Mange medhjelparar

Rock N LoL låg lenge på topp, men den siste tida av perioden det gjekk an å stemma blei status tatt vekk og ryktet kom om at UKEN hadde overtatt leiinga. Men Søfteland tok teten tilbake før kampen var over og kan no smykka seg med tittelen Bergens beste festival.

– Nominasjonen har nok betydd mykje for oss, og sigeren endå meir. Positiv merksemd som dette er stort for alle oss som jobbar med festivalen, og vi har mange å takka, frå vertskapet, bonden Olav Valle, familie og gode venar, utallige gode medhjelparar og lokale sponsorar, til alle som har stemt på oss og artistane som har tru på oss og stiller på festival på ein bondegard litt utanfor Os, seier Andreas og ler.

– Lokal forankring og unik teft

Publikumstalet har auka med åra, frå 200 i 2007 til 800, 1200, 1600 og i år - 2000 innom garden på Sanden på Søfteland på to dagar.

Leiar i Os Rockeklubb, Kjetil Grønvigh frå Os Rock City, har frå starten hatt sansen for dei unge festivalarrangørane frå Søfteland.

– Årsaka til sigeren og suksessen på Søfteland er minst to ting, festivalen er lokalt forankra, arrangørane har andre søftelendingar og osingar med seg, i tillegg har dei teft, dei leverer noko heilt spesielt.

– Frå tekninsk gjennomføring til - ikkje minst - ein unik teft når dei set opp lineup frå år til år, gjer at publikum blir nøgd og kjem tilbake.

– Bør likestillast

– År etter år har Rock N LoL servert oss ferske stjerner og komande stjerner, dei bestilte Lars Vaular før alle byrja å synga om å ha solbriller på og Fjorden Baby hadde sin første utandørskonsert på nettopp Søfteland. Dette er få av mange eksempel på at The Lindborgs gir oss musikken alle høyrer på til neste år. Når nye band byrjar å få mykje speletid på radio er det mange som kan seia at «dei der høyrte eg på Søfteland i fjor».

– No håper eg at festivalen blir likestilt med den andre store musikkfestivalen i kommunen, Osøren Blues & Jazzfestival, i alle delar av bygda. Om Rock N LoL ikkje ligg midt i sentrum, og har eit noko yngre publikum, er dei både store nok og flinke nok til å få same form for merksemd og støtte som andre.

Må gå baklengs

I innspurten av kåringa lovde Grønvigh å gå baklengs til Søfteland om Rock N LoL vann.

– Eg har ikkje lagt opp nokon strategi og eg har ikkje tenkt å trena på den lange baklengsturen, seier Kjetil.

Kjetil bur på Kuventræ og ifølgje Google Maps er det 5,8 kilometer frå Osbadet på Kuventræ til Søfteland skule. Og turen kjem truleg til å enda ved skulen, for der stor Os kommune sin nyaste av to musikkbingar.

– Musikkbingen skal ha offentleg opning, så eg trur vi kjem til å legga gåturen til same dag. Så får eg satsa på at eg klarer å rekna ut kor lang tid eg treng sånn at eg rekk opninga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.