Sogelaget klar med ny utgåve av Osingen
I går var delar av Os Sogelag samla i røykstova på Hauge for å bla gjennom årets utgåve. I neste veke kjem den for sal.
Bildeserie:
«Føremålet med Os Sogelag er å vekkja interesse og forståing for lokalsoge og kulturminne og hjelpa til med å samla inn, ordna og gjera tilgjengeleg alt som kan kasta lys over livskåra til folk i farne tider» skriv sogelaget som blei stifta i 2016.
Os Sogelag tel allereie over 130 medlemmar. Dei held høgt aktivitetsnivå, og var blant anna sentrale då 75-årsjubileet for naudlandinga på Haugland i oktober blei markert over tre dagar.
Dei siste åra har dei tatt opp igjen tråden som Os Mållag hadde, med å gi ut Osingen, og gjort Osingen om frå eit blad til ei lita bok.
Auka opplag
– I fjor trykte vi opp 400 eksemplar, men måtte bestilla 100 til. I år startar vi på 600, fortel leiar Øyvind Tøsdal.
Osingen 2019 kom frå trykkeriet i førre veke. I går var styret og delar av skriftnemnda samla hos Norvald Kobbeltvedt, i den 400 år gamle røykstova på Hauge, for å bla gjennom før salsstart.
– Vi startar salet på stand på Amfisenteret torsdag i neste veke. Seinare blir den ståande for sal fleire stadar, blant anna på bokhandelen Ark.
100 NM-gull på 50 sesongar
Erling Andersen pryder framsida på Osingen 2019. Jostein Hausberg har skrive seks sider om kappgangfantomet frå Søfteland, som er i sin 50. sesong (!), og kan sjå tilbake på 100 NM-gull og 11 kongepokalar.
Hausberg skriv òg om han som fekk det heile i gang på Søfteland, Dion Skorpen, og om samarbeidet mellom Noreg og Mexico.
Om innhaldet
Andre saker og reportasjar i den 116 sider tjukke Osingen handlar om distriktslege Harald Fredrik Gade (1904-1976), tida då Moldegård var lærarskule, Ubåt-rekruttskule på Hatvik, redningsbragda etter naudlandinga på Haugland - og røykstova som sogelaget i går var samla i.
Tekstforfattarar i denne utgåva er: Geirmund Dyrdal, Jostein Hausberg, Tove Nøss-Håvardstun, Marit Skorpen Steffensen, Jimmy Øvredal, Harald Lyssand, Olav Søfteland, Bjarne Øvredal, Gustav Moberg, Yngve Nedrebø og Norvald Johan Kobbeltvedt.
Osingen 2019 inneheld òg ein årskavalkade henta frå Midtsiden.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.