Næringsliv | 21. okt. 2018

Søker etter ny senterleiar

Silje Lygre gir seg på Amfisenteret.

Søker etter ny senterleiar
Silje Lygre byrjar i ny jobb over nyttår, etter drygt tre år som senterleiar på AMFI Os. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. okt. 2018 11:12

I august 2015 blei det klart at Silje Lygre skulle overta etter Anne Kristine Tøsdal som leiar for AMFI Os.

No er stillinga som senterleiar lyst ut igjen.

– Eg fekk eit spennande jobbtilbod. Det var inga lett avgjerd å ta, men etter mange rundar med meg sjølv fann eg ut at eg ikkje klarer å seia nei til tilbodet, fortel Lygre.

Ho skal vidare til eit firma i byggebransjen, som ville utvida administrasjonen for å vidareutvikla og effektivisera selskapet.

– Eg er veldig takksam for at eg ha fått vera senterleiar desse tre åra, og eg blir i stillinga ut januar 2019. Det har vore nokre utruleg kjekke og lærerike år, og det var på ingen måte ei lett avgjerd å ta.

49 søkjarar i førre runde

– Eg synest Silje har gjort ein kjempejobb som senterleiar, seier eigedomssjef i Olav Thon Gruppen Kjøpesenter region vest, Solveig Oksholm Hunhammer.

– Vi skulle gjerne hatt ho her ei stund til, men eg har forståing for at ho slår til når ho no har fått eit spennande jobbtilbod.

Sist gong AMFI Drift søkte etter ny senterleiar på Os kom det 49 søkjarar, fleire av dei var godt kvalifiserte.

– Det er ei spennande stilling, og ei stilling som kan lokka til seg søkjarar med ganske ulik bakgrunn. Det er ein spennande jobb å rekruttera til, og eg ser fram til denne prosessen, seier Hunhammer.

– Ein stor plass i hjartet mitt

Lygre ser fram til travle veker fram mot jul, og er samtidig spent på å skifta bransje.

– Eg har jobba i handelsbransjen i heile mitt vaksne liv, 13 av åra har vore her på senteret. AMFI Os kjem alltid til å ha ein stor plass i hjartet mitt, og eg kjem til å sakna dei fantastiske menneska eg har jobba med her på senteret, ikkje minst Solveig, og det gode samarbeidet vi har hatt.

– Sjølv om eg skiftar bransje vil eg halda fram med å vera ein ambassadør for det å handla lokalt, seier Silje Lygre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.