Lokal | 17. okt. 2019

Søkjer etter person i vatnet

OPPDATERT: Dykkarane gjorde ikkje funn. Søket vert avslutta og ferja får no leggja til kai.

Søkjer etter person i vatnet
Lesarfoto: Erik Ask
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 17. okt. 2019 18:00

Bildeserie:

Lesarfoto: Erik Ask
Lesarfoto: Erik Ask
Lesarfoto: Erik Ask
Lesarfoto: Erik Ask
1 av 2
Lesarfoto: Erik Ask
Lesarfoto: Erik Ask

Klokka 19 i kveld melde Vest politidistrikt på Twitter at det var iverksett ein redningsaksjon i båthamna i Hatvik.

Det vart meldt at ein person skulle ha falle i vatnet.

Like etter var brannvesen og politi på staden, og det vart starta overflatesøk.

Litt før klokka halv åtte kom luftambulansen til staden med redningsdykkarar.

Bergens Tidende melder at det skal vera vitne som såg noko som likna ein regnjakke i vatnet som først melde i frå til naudetatane.

OPPDATERT:

Like over klokka 20 kom det melding frå politiet om at dykkarane hadde gjennomsøkt hamna utan å gjera funn.

Eit vitne på staden fortel til Midtsiden at ferja fekk leggja til kai, og at dykkarane var i ferd med å avslutta arbeidet på staden.

Søket er no avslutta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.