Næringsliv | 30. apr. 2017

Sol ute - sommar inne

Trass strålande vêr og fleire aktivitetar andre stadar i bygda var det fullt hus på moteshow på AMFI Os laurdag.

Sol ute - sommar inne
Kristina Størdal Svendsen saman med konferansier Jan Thomas. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 30. apr. 2017 17:34

Bildeserie:

1 av 14

I går var det trend i fokus på Amfisenteret, og kjendisstylist Jan Thomas stal showet frå morgon til kveld.

Frå klokka 11 var han på plass hos Vita, med foredrag og styling av to vinnarar av ein konkurranse med over 750 deltakarar, frå klokka 15 var han konferansier på moteshow der det blei vist alt frå sko til veske saman med antrekk frå butikkane.

• Les òg: Jan Thomas inntok Vita

– Det går mykje i slitte jeans, sa Jan Thomas, som nyleg har vore i blant anna London og Milano for å snappa opp siste skrik.

– Blomar og mønster er òg in, men ver varsam med å gå med mønster både oppe og nede. I så fall bør du ramma det litt inn, at ikkje du ser ut som om du er ei vandrande gardin.

Humor og lange manus

Thomas las opp ekstar frå kvar butikk - fleire av dei så lange at han måtte senda modellane ein ekstra tur på catwalken så han fekk lest seg ferdig.

– Her er nok eit leksikon, spøkte han då han bladde opp lappane med mest tekst.

Mellom manus frå butikkane spedde han på med informasjon om trendar som har kome og som er på veg.

– Eg ser at første rad har fått det med seg, gå med sneakers og joggesko, også til finklede, som kjole og skjørt!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.