Kultur | 24. nov. 2013

Solid av Eidsvåg

Bjørn Eidsvåg leverte solide varer på Oseana fredag. – Vi koste oss såpass mykje her i fjor at vi ville tilbake, helsa Eidsvåg då konserten starta.

Solid av Eidsvåg
Bjørn Eidsvåg på Oseanascenen (MMS-foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 24. nov. 2013 11:09

Med ny plate "Far Faller" ute var det duka for mykje nytt materiale når Bjørn Eidsvåg med band gjesta Oseana fredag kveld.

Det blei halvanna stemningsfull time kor Eidsvåg kombinerte nye songar med klassikarane. Det heile starta med ein grovy opning kor Eidsvåg frå bak scena introduserte det nye albumet.

Den lune bamsen frå Sauda vise seg som den historieforteljaren han her. Her fekk vi vera med på bedehuset i Sauda kor godt fylte damer på kjøkenet visste korleis dei skulle ta vare på ein liten gut som lot seg skremma av vekkelsespredikantar som for femtiande gang prøvde å frelse det lille bedehusmiljøet.

Sterkast var introen til Gud med liten g, kor Eidsvåg fortalde korleis historia om Malala hadde påverka han då songen blei skriven.

Allsong eller ei?

Ein ting sit denne journalisten framleis å lurar på. Prøvde Eidsvåg å invitera til allsong på "Eg ser" eller ikkje?

Då bandet spelte opp og Eidsvåg skulle starta på sangen hugsa han ikkje teksten og ba om hjelp frå det noko aldrande publikummet.

Hjelp fekk han frå ei dame på tiande rad, men var det heile eigentleg ein invitasjon om å vera med på allsong? I så fall var det ein invitasjon ospublikummet ikkje greip.

Uansett. Bjørn Eidsvåg er framleis rockepresten som kan fanga sitt publikum. Eit solid stykkje arbeid og ein kosert fylt med godstemning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.