Sport | 20. sep. 2012

Solid siger til gutelaget

Sander Kvittinger herja med Voss og Ola Lekven Moberg (14) imponerte i debuten på førstelaget til Os G16.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. sep. 2012 20:14

Os 1 (G16), som tok seg til kvartfinale i årets Norway Cup, har starta haustsesongen i 1. divisjon med 3 sigrar og 1-1 i toppkamp mot Fyllingsdalen 1.

I dag tok Os imot Voss, som låg på 6. plass med éin kamp mindre spelt.

Kampen starta med eit baklengsmål og utlikning på straffe etter at Voss-keeperen tok ned Lars Erik Lunde i det han hoppa over sklitaklinga frå keeperen.

SJÅ VIDEO AV STRAFFESKÅRINGA NEDST I ARTIKKELEN

Sander Kvittingen sette straffen, auka til 2-1 minuttet etterpå og auka til 4-1 før pause. Ekte hattrick!

– I dag viste Sander kva han har igjen for alle kampane med Os 2 i 5. divisjon. Han spelte som ein senior i dag, meiner trenar Bjørn Mjelva.

Philip skåra to

Keeperen blei utvist og med 10 mann blei Voss for små.

– Sander fekk beskjed i pausen at han kunne få byta når han hadde skåra 5 mål. Og i 2. omgang kunne han fint ha skåra 4 til, men det blei stang ut og skifte med Philip Moe Haugland, som hadde to sjansar og sette begge i nota.

Ola nær skåring i debuten

Med Emil Halvér si skåring blei det 7-1, men den unge kretslagsspelaren Ola Lekven Moberg var nær på å gje Os ein endå større siger.

– Ola debuterte og spelte heile 2. omgang. Han er veldig god når han speler i så godt selskap, nær skåring var han også.

– Det kan nok bli fleire kampar på han for Os 1, seier Mjelva.

Vil bli kretsmeistrar

I fjor rykte gutelaget ned til 2. divisjon til sommaren, vann alle kampane om hausten, også kretsmeisterskapen i 2. divisjon.

Så blei det opprykk og ein god vår i 1. divisjon, ein divisjon dei no leiar saman med Fyllingsdalen 1 (viss også Fyllingsdalen har vunne i denne runden).

– Målet er å bli kretsmeister i 1. divisjon i år. Så skal vi delta i Lagunen Fotballfest og i cup i Haugesund, seier coach Mjelva.

SJÅ TABELL OG TERMINLISTE

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.