Solsiden-tilsette jazzar opp Bar(t)
Bartendarane Robin Bahus og Michael Hansen utvider tilbodet når dei hamnar bak spakane på Bar(t).
Torsdag 23. mars var det slutt for nattklubben Solsiden. Då tok leiinga ved Peppes Pizza og baren Bar(t) kontakt.
– Vi har heile tida hatt god dialog og litt samarbeid med Solsiden, og synest at det var synd at dei måtte gje seg, seier dagleg leiar Anita Fotland.
• Les òg: Ser tilbake på fem fine år i Irisgården
Samtidig ville dei høyra om vidare planar hos eigar og dei tilsette.
– No kjem dei erfarne bartendarane Michael Hansen og Robin Bahus inn som tilsette hos oss, for å utvida opningstidene og tilbodet på Bar(t).
– På opningsdagen fredag 21. april vil dessutan Tore André Sagstad stå i døra. Vi håper på å kombinera det vi har bygd opp med Bar(t) med det beste frå Solsiden i ein ny versjon av puben.
Ny satsing for etablert bar
Då eigaren av Peppes på Os, som òg eig bygget, overtok lokalet som han tidlegare leigde ut, blei det innreia som det noko unike Bart(t)-konseptet, som frå før var etablert i Tønsberg og i Hemsedal.
• Les òg: Ny kvardag på Peppes og Bar(t) (2014)
Bart(t) og Peppes har brennevin på menyen, saman med øl og vin, og har prioritert å ha eit spesielt godt utval av øl, men ikkje på avanserte drinkar. Med med unntak av romjulsblues, påskeblues, brosteinsball og enkelte arrangement, har bare stengt samtidig som restaranten.
– Enkelte gjestar har nok undra seg over kvifor vi har stengt klokka 12, når det har vore bra med folk og god stemning. Dei har òg venta ein del av oss når det kjem til utvalet av drinkar, seier assisterande restaurantsjef Anders Undheim Waage.
– Men vi har tatt det gradvis med Bar(t), og hatt det som ei forlenging av restauranten på kveldstid, og som lokale for alt frå møte og bursdagsfeiring til dåp og fotballavslutting, når grupper har bestilt bord. Dette med pub og mykje miksing av drinkar har ikkje vore satsa på før no.
Tre seine kveldar i veka
Både Michael og Robin jobba fulltid ved Solsiden fram til konkursen. No blir dei tilsett hos Peppes/Bar(t), i hovudsak for å utvida satsinga på Bar(t).
– Vi kjem til å halda Bar(t) open til klokka 2 både torsdag, fredag og laurdag etter opningshelga som startar fredag 21. april. Aldersgrensa blir 20 år.
– Baren får utvida utval med dei drinkane vi opplever sel best i Os.
Blant desse er irish coffee, mijito, dominikansk rom og eit handplukka utval av gin og variantar av tonic.
Robin kjem gradvis til å gå opp i full stilling ved Peppes og Bar(t), Michael ser etter jobb på dagtid ved sidan av pubdrifta.
– Eg blei pappa i haust, og vil prøva å få fri nokre kveldar og helger etter fem år i utelivsbransjen.
Musikk og uteservering - men ikkje fotball
Michael og Robin håper å sjå mange kjente ansikt frå Solsiden på Bar(t), men er ikkje sikre på om det blir fast pianobar når dei er på plass bak baren.
– Det blir pianobar opningshelga, så får vi sjå kor ofte vi har folk ved tangentane i tida som kjem. Vi har fått låna pianoet vi brukte under Osfest, og dette skal vi ha namnekonkurranse på, uansett kor mykje det skal brukast framover.
– Kva med storskjerm og sending av fotballkampar?
– Dette er kostbart, og ikkje alle lag trekk like mykje publikum. Vi har hatt nokre fantastiske kveldar med fotball på Solsiden, men det er førebels ingen plan om å laga sportsbar på Bar(t).
Uteservering ved gjestebrygga er Peppes og Bar(t) god på frå før, og før sommaren skal nye, større markiser på plass. Bar(t) får uteservering til klokka 1 dei tre pubkveldane i veka.