Lokal | 08. nov. 2016

Solstrand nest best i Noreg

Solstrand Hotel og Bad igjen kåra til eitt av dei beste hotella i Noreg.

Solstrand nest best i Noreg
Den vakre utsikta over Bjørnafjorden er noko av det gjestane set pris på med Soltrand Hotel & Bad (arkivfoto: KVB)
Andris Hamretirsdag 08. nov. 2016 07:27

Det er Nettavisen Reisetips som gjennomfører den årlege kåringa blant sine lesarar, basert på nominasjonar frå lesarane og fleire tusen stemmer.

I fjor vann Solstrand Hotel og Bad kåringa, i år må dei sjå seg slått av Petter Stordalen sitt prestisjehotell på Aker Brygge - The Thief.

– Forårets vinnar blir dytta ned til ein andreplass i år. Dette er eit hotell som er kjend for mange som ein stad for kurs og konferanser, men den gode plasseringa og vakre utsikten bør også lokke den vanlege turist. Har særs god mat og klassiske rom, heiter det i omtalen av Solstrand, som åra før har havna to gonger på rad på 4. plass i Reisetips si kåring.

Dei 10 beste

Dette er i følgje avisa sine lesarar dei 10 beste hotella.

1. The Thief
2. Solstrand Hotel & Bad
3. Hotel Ullensvang
4. Hotel Continental Oslo
5. Strand Hotel Fevik
6. Scandic Nidelven
7. Hotel Alexandra, Loen
8. Utne Hotel
9. Scandic Bakklandet
10. Støtvig Hotel

Bli med på innsio av Solstrand Hotel & Bad

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.